Kommunal planstrategi 2016-2019

Kommunal planstrategi for 2016-2019 blei vedteken i Vindafjord kommunestyre den 20.12.2016. 

Føremålet med planstrategien er å klargjera kva planoppgåver, utgreiingsarbeid og utviklingsarbeid kommunen bør starta opp eller vidareføra for å leggja til rette for ei ønska utvikling i kommunen.

I arbeidet med  planstrategien har ein prøvd å skilja mellom planar og dokument på strategisk nivå (kommuneplan, 12 år), taktisk nivå (økonomiplan, 4 år) og operativt nivå (årsbudsjett). Hovudgrepet er at overordna mål og strategiar skal ivaretakast gjennom kommuneplanen, at det skal utarbeidast færre planar og heller sikra tettare oppfølging i økonomiplanen. Oppfølging vil skje gjennom kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan og årsbudsjetta, slik at ein heile tida vil ha evaluering av resultat og effektar gjennom rapporteringar, tertialrapportar og årsmelding.

Her finn du saksframlegg (DOCX, 101 kB) og endeleg godkjent kommunal planstrategi for 2016-2019 (PDF, 2 MB)

Her finn du meir om planar og styringsdokument i kommunen.

Sist endra 10.01.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering