Ilsvåg Holding, Skigelstrand, Produksjonsauke - Kommunal høyring

Ilsvåg Holding søkjer om løyve til produksjonsauke for regnbogeaure i stamfiskkonsesjon på lokalitet 11966 Skigelstrand

Stamfiskanlegget ved lokalitet 11966 Skigelstrand er i kommuneplanen merka av som akvakultur med omsynssone.

Ilsvåg Holding søkjer om å auke nåverande produksjon med 1560 tonn til ein årsproduksjon på 2340 tonn regnbogeaure. Dette skjer innafor eit bruksareal på 200 x 600 m

Søkjar samarbeider med Osland Stamfisk, driv aktiv avl, og leverer rogn og yngel til den norske marknaden.

Det auka produksjonsvolumet skuldast forventa auka etterspurnad dei neste åra, både innanlands og utanlands.

Etter paragraf 3 i forskrift om konsekvensutredning skal fagmyndigheitene for dei respektive kriteria vurdera om tiltaket vil få vesentlege verknader innanfor sit området og melde desse til fylkeskommunen.

Saksdokumenta ligg vedlagt her eller kan sjåast på Teknisk bygg i Sandeid.

Eventuelle merknader og innspel må sendast skriftleg til Vindafjord Kommune, Areal og Forvaltning, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid, innan 19.12.2017.

Spørsmål kan rettast til Osland Stamfisk AS ved Driftsleiar Sverrir Valdemarsson, tlf. 91 302 615

Sist endra 13.11.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering