Høyring - utbygging av breiband i Vindafjord

Vegen i Vats - Klikk for stort bilete

Vindafjord Kommune vil søkje staten om tilskot til vidare utbygging av breiband i kommunen.
Eitt av krava for å få slikt tilskot er at planen for utbygging skal vera til høyring i kommunen.

Regjeringa har gitt Post- og teletilsynet i oppgåve å administrera tilskottsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om støtte. Kommunale søknader vert sendt gjennom Rogaland fylkeskommune.

Vindafjord kommune har fått innspel om og vurderer å søkja om tilskott til vidare utbygging i følgjande område:

  • Trovåg - Skartland
  • - Tørresdal
  • - Vikedalsdalen
  • - Austrheimsbygda 

I samband med søknaden inviterer vi derfor bedrifter og innbyggjarar til å koma med innspel til utbyggingsplanen for kommunen innan fredag 28. april 2017.

 

Kontaktpersonar er Asbjørn Moe eller Arne Gunnar Habbestad.
Innspel kan sendast til post@etnevindafjord.no eller leverast på servicetorget på Rådhuset.
Merk innspelet med: Høyringsuttale breiband.

Sist endra 07.04.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering