Friluftslivsområde, kartlegging og verdsetting - Høyring

Som eit ledd i «Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv», har Rogaland fylkeskommune oppfordra kommunane i Rogaland til å kartlegge og verdsette sine friluftslivsområde.

Vindafjord kommune har kartlagt og verdsett friluftslivsområda i kommunen. Dette er eit viktig verkemiddel for å identifisere, utvikle og ivareta areal for friluftsliv. Det er lagt vekt på å få med område med kort avstand til busetnad.

Registrerte typar område er;
- turområde,
- badeplassar,
- idrettsanlegg og skuleområde,
- utvalde vassdrag og
- vatn som blir nytta til skøyting om vinteren.

Formålet med kartlegginga er mellom anna å få på plass eit betre kunnskapsgrunnlag om friluftslivsområda i kommunen. Arbeidet bidrar til å oppnå det nasjonale målet om å sikre befolkningen moglegheit for å drive eit variert friluftsliv både i nærmiljøet og naturen elles.

Friluftslivsområda vil kunne endrast over tid. Det er derfor viktig å sjå på kartlagt materiale som «levande». Kartlagte område er vist i kart https://kommunekart.com/klient/vindafjord/friluft 

Kommunen ønskjer innspel på arbeidet som er gjort med kartlegging og verdsetting av dei ulike områda. Me ber dykk m.a. vurdere:

  • om område er utegløymte
  • om de meiner verdsettinga er riktig (følgande tre kategoriar; svært viktig, viktig og registrert)
  • (Det er av mindre betyding kva områdetype eit friluftslivsområde er plassert i.)

Dersom spørsmål, ta kontakt med:
Ingrid Johannessen, telefon 53 65 61 23, e-post: ingrid.johannessen@vindafjord.kommune.no
eller Stine Helen Marken, telefon 53 65 61 34, e-post: stine.helen.marken@vindafjord.kommune.no 

Har du innspel eller merknadar til arbeidet / kartlegginga kan dei sendast skriftleg til Vindafjord kommune, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid eller postmottak@vindafjord.kommune.no. Merk innspelet «Friluftslivskartlegging».
Frist: 31.01.2020

Vedlegg:

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30