Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Friluftslivsområda i kommunen - Kartlegging og verdsetting

Formannskapet hadde saka til handsaming i møte 21.04.2020, sak 021/20.

Digitalt kart

Vindafjord har unike friluftslivsområde som er kommunen sin viktigaste ressurs for aktivitet og rekreasjon. Eit av måla i Vindafjord sin kommuneplan er «Fysisk og sosialt aktive innbyggarar». Ein av strategiane for å følgje opp dette målet er å «arbeide offensivt for friluftsliv og gjere Vindafjord til ein turkommune». Friluftsliv er viktig for mange. Det er ein del av vår kultur og identitet.

Vindafjord kommune har kartlagt og verdsett friluftslivsområda i kommunen. Dette er ei fagleg basert kartlegging og verdsetting av område som har betyding for friluftslivet. Dei kartlagde friluftslivsområda er avgrensa i kart og kategorisert etter type bruk. Vindafjord har geografi og naturtypar som gjer friluftsliv mangfaldig. Kartlegginga som er gjennomført, viser også dette.

Kartlagte område er gjort tilgjengeleg gjennom kommunen si digitale kartløysing https://kommunekart.com/klient/vindafjord/friluft 

Digitalt kart

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30