E134 Bakka - Solheim - Kommunedelplan
Vindafjord kommune v/ Kommunestyret søkte 17.10.2019 Fylkesmannen i Rogaland om å få «forlenge omsynssone bandlegging med 4 år frå 20.10.2019 for arealet som inngår i kommunedelplan for E134 mellom Solheim og grensa mellom Rogaland og Vestland fylker.»
Fylkesmannen har godkjent kommunen sin søknad om forlenging av bandleggingssona for ny E134 i Vindafjord kommune i nye 4 år.
Kommunedelplan for E134 Bakka – Solheim blei vedtatt 20.10.2015. Arealet som inngår i kommunedelplan er sett av med omsynssone bandlegging. Sona er i snitt 50 meter brei på kvar side av veglinja og omfattar i tillegg planlagte kryssløysingar. Omsynssone bandlegging blir i dette tilfelle nytta i påvente av vedtatt reguleringsplan. Bandlegginga varer i utgangspunktet i 4 år, men kan forlengast med ytterlegare 4 år, slik det nå er gjort. Bandleggingssona er heimla i plan- og bygningslova § 11-8d.
Omsynssona skal sikre at det ikkje blir gjort tiltak som kan gjere planlegging og utbygging av E134 vanskelegare eller dyrare.