E 134 Bakka - Solheim - Kommunedelplan

Forlenging av omsynssone bandlegging med 4 nye år frå 20.10.2019.

Bandleggingssona langs planlagt ny E 134 Solheim - Fikse er heimla i plan- og bygningslova § 11-8 d).

Sona er i snitt 50 m brei på kvar side av veglina og omfattar i tillegg planlagte kryssløysingar, sjå vedtatt plankart og føresegner.

Bandlegginga er etter PBL § 11-8 d) avgrensa til 4 år. Kommunedelplanen blei vedtatt av Vindafjord kommune 20.10.2015.

For at bandleggingssona skal vidareførast må det søkjast om det innan 20.10.2019.
Søknad om forlenging av bandleggingssona med 4 år kjem opp i Vindafjord formannskap 16.10.19.

Styresmaktene sine retningsliner i slike saker seier at berørte partar bør varslast om saka. Desse blir varsla på kommunen si nettside og med annonse i Grannar.

Underliggande arealformål i bandleggingssona, blir ikkje behandla i denne omgang. Innspel som handlar om arealbruk vil få si behandling i arbeidet med kommuneplanens arealdel. Dette arbeidet startar opp i 2020.

Ta kontakt med rådgjevar plan Ingrid Johannessen dersom spørsmål, telefon 53 65 61 23, e-post: ingrid.johannessen@vindafjord.kommune.no

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30