Dragseid-prosjektet

Eit "dragseid" er eit tidlegare kommunikasjonssystem mellom fjordsystema i Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Vindafjord kommune har tre dragseid. Åmsosen - Ølensvåg, Sandeid - Ølen, og Kalstveit og Haraldseidvågen i Skjold.

Kommunen har dei siste åra lagt ned eit stort arbeid for at historia rundt dragseida skal bli kjent.

Bakgrunn

Det var Skjold og Vats Sogelag som i si tid tok initiativet til eit prosjekt rundt dragseida, då med Haraldseidet mellom Haraldseidvågen og Kalstveit som utgangspunkt.

 

I prosjektet har ein arbeidd med

  • Etablering av ein tursti / historisk sti over Haraldseidet.
  • Utvikling og gjennomføring av Dragseiddagen.
  • Etablering av båttransport frå Isvik til Haraldseidvågen.

Meininga med prosjektet er at det skal fremme større kunnskap om dragseida generelt, og spesielt kva desse har hatt å seie for utviklinga i Vindafjord kommune og Nord-Rogaland. 

Dragseidet mellom Isvik og Haraldseidvågen er godt undersøkt tidlegare, og i løpet av prosjektperioden har det blitt gjennomført undersøkingar av dragseida Åmsosen-Ølensvåg, Sandeid-Ølen.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Einingsleiar
Tlf: 53 65 65 65
E-post: Send epost