Pris
Ølen 1A, Ølen 1B, Ølen III - Bjoa, Skjold I og Skjold II : Bøkene blir seld til sterkt redusert pris: kr. 198,- pr. stk.
Ølen II - Vågen - utseld.
Vikedal: kr. 1249,- (to band)
Vikebygd: kr. 1199,- (to band)
Omkostningar ved frakt kjem i tillegg.
"Gardar og ætter i Ølen"
Til saman er dette 4 bøker. Her møter me folket i Ølen gjennom tidene, i arbeid og fest, i glede og sorg - frå dei første menneska stig ut av det historiske mørket.
Bøkene er ikkje skrive berre for folket i Ølen skulekrins, men for alle som bur i gamle Ølen kommune og for interesserte i bygd og by.
Ølen 1A
Boka er skriven av Anders Haugland. Den omfattar gardane på Dreganes, Dørheim, Hamre, Haugen, Heggjo, Hiksdal, Hustveit, Kåtabø, Lio, Oppheim, Roa, Ryo, Rødno, Stongaland og Tveit.
Ølen 1B
Boka er skriven av Anders Haugland. Den omfattar gardane på Eio, Haugland, Heiabø, Klungland, Myrabø, Nerheim, Stumo og Økland.
Ølen II - Vågen
Boka er skriven av Anders Haugland. Den omfattar gardar og ætter i Vågen.
Ølen III - Bjoa
Boka er skriven av Toralf Tvedt. Den omfattar gardar og ætter på Bjoa.
Skjold
Skrive av Nils Olav Østrem.
Til saman består heile gards- og ættesoga for tidlegare Skjold kommune av fire bøker. Gamle Vindafjord kommune gav ut to bøker og Tysvær kommune to bøker (Skjoldastraumen og Grinde).
Vindafjord kommune har Skjold I og II for sal saman med dei 4 bøkene frå tidlegare Ølen kommune.
Soga om gardane og folket i Skjold fortel korleis livet har arta seg frå langt tilbake i tid og fram til no. Det er lagt stor vekt på slekts- og personhistorie. Kvar gardssoge er ei ”forteljing” om særpreg for den enkelte garden.
Skjold I
Omfattar gardane i Ersland-krinsen, Stordalen, Haraldseid- og Risangerbygda – frå Hodnafjell til Isvik.
Skjold II
Omfattar Beitabygda, Austrheimsbygda og Longalandsstranda – frå Skjoldavik til Longalandsfjellet.
Vikebygd
"Heimar og folk i Vikebygd" er ei nyskriven busetnadssoge i to band. Busetnadssoga tel over 1200 sider, og fortel om folket som har budd i Vikebygd heilt frå gamal tid og fram til notida. Bøkene fortel om levekåra på gardane, bruka og husmannsplassane. Det er lagt stor vekt på få fram einskildmenneska som har budd i bygda.
Det første bandet dekkjer Midtbygda, gardsnummer 324–333. I tillegg er soga om kyrkjene i bygda tatt med i dette bandet. Det andre bandet dekkjer grendene Nordabygda (gardsnummer 319–323), Sørabygda (gardsnummer 334–338) og Bjordal (gardsnummer 339–340).
For meir informasjon, sjå Vikebygd si heimeside.
Vats soga
Vats soga er skriven. Meir informasjon om boka kan du få ved å kontakte Jon Olav Velde tlf. 905 54 134. Hos han kan du òg få kjøpt boka.
Imsland
Bygdeboka for Imsland er under arbeid. For meir informasjon om denne, kontakt leiar i bygdeboknemnda Tomas Finnvik, tlf. 905 56 884.
Vikedal
Heimar og folk i Vikedal
Heimar og folk i Vikedal er ei busetnadssoge i to band. Busetnadssoga handlar om folket som har budd i Vikedal, heilt frå gamal tid og fram til notida. Bøkene fortel om levekåra på gardane, bruka og husmannsplassane med vekt på einskildmenneska i bygda.
Osen-bandet dekkjer gardane i og ved Vikedalsosen (gardsnummer 43 og 65–68) og Hogganvik (gardsnummer 69). Det andre bandet dekkjer grendene Midtbygda (gardsnummer 44–50 og 59–64) og Fjellgardane (gardsnummer 51–58).
Bøkene er laga på oppdrag frå Vindafjord kommune, og Universitetet i Stavanger har hatt ansvaret for utarbeidinga av verket.
Tinging og levering
Bøkene er ferdig trykte www.haugenbok.no/vikedal
Bøkene kostar samla kr. 1249,-
Namneregister
Det er utarbeidd og lagt ut førenamnsregister for personar nemnde i bygdeboka Heimar og folk i Vikedal. (PDF, 259 kB)
Registeret omfattar alle hovudpersonar som er omtala i bøkene, dvs. namn som er skrivne med feit/utheva skrift i busetnadsdelen.
Etter kvart namn er det oppgjeve kva matrikkelgard namnet førekjem på og deretter kva sidetal namnet er å finna på for den same garden.
Sandeid
Heimar og folk i Sandeid
Heimar og folk i Sandeid
Heimar og folk i Sandeid er ei busetnadssoge i to band. Busetnadsoga handlar om folket som bur og har budd i Sandeid og Ilsvåg, heilt frå gamal tid og fram til notid. Bøkene fortel om levekåra på gardane, bruka og husmannsplassa, med vekt på einskildmenneska i bydga. Sjøen- bandet dekkjer gardane i og ved Sandeid sjøen og det andre bandet dekkjer grendene Eide, Helgevoll, Helgeland og Ilsvåg. Bøkene er laga på oppdrag frå Vindafjord kommune, og Universitetet i Stavanger har hatt ansvaret for utarbeidinga av verket.
Førehandstinging
Lenke: www.fagbokforlaget.no/sandeid
eller hos
Jan Børretzen mobil 952 30 964
Olav Skigelstrand mobil 900 59 824