Bjoa, Svollandsneset, oppdrettsanlegg, utviding - kommunal høyring

Kommunal Høyring - Bremnes Sheashore As søkjer om løyve til utviding av oppdrettsanlegget ved lokalitet Svollandsneset 22955 i Ålfjorden.

Oppdrettsanlegget ved lokalitet Svollandsneset 22955 i Vindafjord Kommune har søkt om utviding av eksisterande anlegg.  Endringa består i ei auke i tal merdar frå 6 stk. til 12 stk. Det vert ikkje søkt om løyve til auke i produksjon på lokaliteten. Utvidinga av lokaliteten kjem innanfor området som er merka som akvakulturområdet i kommuneplanen (sjå vedlagt kart, frå 27.02.2019).

I uttale frå fylkeskommune står følgjande: «Fylkeskommunens vurdering er at tiltaket ikke får vesentlige virkninger for miljø eller samfunn, jf. Vedlegg III i forskriften»  Etter paragraf III i forskrift om konsekvensutredning, skal fagmyndigheitane for dei respektive kriteria vurdera om tiltaket vil få vesentlege verknader innanfor sit området og melde desse til fylkeskommunen.

Søknad med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn på Vindafjord Kommune si heimeside www.vindafjord.kommune.no, på teknisk Bygg i Sandeid og Servicetorget i Ølen, I norsk lysningsblad, grannar og Haugesund Avis.

Eventuelle merknader og innspel må sendast skriftleg til Vindafjord Kommune, Areal og forvaltning, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid. Kommunen ser gjerne at uttalen vert sendt elektronisk til kommunen til landbruk@vindafjord.kommune.no

Frist for skriftleg merknad er sett til 8 april 2019

Spørsmål kan rettast til Bremnes Seashore As ved:

Geir Magne Knudsen, Utviklingssjef, E-post: geir-magne@seashore.no   
Mobil: +47 918 33 233

Eventuelle merknader frå offentleg ettersyn og kommunen sin behandling av saka blir oversendt Rogaland Fylkeskommune som vidaresender dette til statlege sektormyndigheiter.

Vedlegg:

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30