Kultur og fritid

Ungdomsklubbar

Kommunen har to fritidsklubbar med kommunal innsats.

Hippo - held til i kjellaren på Skjold bygdahus.

Public - held til i Litlehagen i Ølen (ved Ølen vgs)

Public fritidsklubb ligg i Ølen og har open annakvar fredag (partalsveker) kl 19.00 - 23.00.
Me kan tilby: Rockerom, filmverkstad, diskotek, biljard, kiosk m.m.

Målgruppe 

publicbiljard.jpg - Klikk for stort bilete


Klubbane er open for alle frå 8.klasse til 18 år.

Tre viktige verdiar for klubbane

  • Den skal vere rusfri.
  • Den er open for alle (null toleranse for mobbing).
  • Dei unge i klubben skal oppleve medansvar og medbestemming.

 

Kva skjer?

De kan delta på planlegging og gjennomføring av prosjekt, arrangement, delta på kreative ting, hjelpe til i kiosk/café, bruke pc-ar, spele biljard og liknande, sjå tv, playstation med meir.

Har du/de nokre idèar? Kom med dei! Me som jobbar som vaksne rettleiarar, hjelper med å setje idèane ut i livet.

 

Kostar det noko?


Kr 30,- for inngong.

Pengane som kjem inn på inngang blir brukte til å kjøpe inn ting til klubbane, reisepengar osv. så det kjem dykk til gode ;)

 

Kontakt oss

 

Leiar: Mona Jacobsen

Telefon: 41006166

E-post: mona.jacobsen@vindafjord.kommune.no

Sist endra 14.10.2016
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Erik Baust
Fung. einingsleiar
E-post: Send epost
Login for redigering