Kultur og fritid

Vikebygd kyrkje

Vikebygd kyrkje - Klikk for stort bilete

 

Vikebygd har hatt ei lang rekke kyrkjer. Den eksisterande kyrkja er den femte i rekka, og vart vigsla 23. september 1937.

Frå året 1861 har Vikebygd vore lagt til Sveio prestegjeld, som omfatta bygdene på begge sider av Ålfjorden. Folket i Sveio ynskte å få si eiga kyrkje, og då Vikebygd kyrkje skulle byggjast opp att, krevde dei at det samtidig vart bygd ei kyrkje i Førde i Hordaland. Slik blei det, og to kyrkjer kom opp.

Dagens kyrkje i Vikebygd er bygd i mur og plassert på den eldste kyrkjeplassen. Det er ca 300 sitteplassar, og kyrkja er teikna av arkitekt Alvsaker i Bergen. Kyrkja fekk nytt orgel, bygd av Landrog i Haugesund, og sett inn i eit sidegalleri i tårnet.

I 1980-åra gjekk kyrkja og kommunen saman og investerte i nytt orgel bygd i Holland.

Du kan lesa meir om kyrkja sin historie hos vikebygd.org.

 

Vikebygd kyrkjelyd sine eigne nettsider

Gudstenestelista og anna informasjon finn du på http://www.hyrdingen.no/

Sist endra 07.03.2016
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Kyrkja
E-post : postmotta@vindafjord.kommune.no

Kyrkjeverje
E-post: Send epost
Login for redigering