Kultur og fritid

Sokneråd

Hovudansvaret for gudstenester og kyrkjelege handlingar er lagt til presten. Utover det ligg den kyrkjelege myndigheit på lokalplanet til soknet, representert ved soknerådet og fellesrådet.

Soknerådet sine oppgåver


Driftsmessig

  • Kyrkjebyggjande verksemd
  • Gudstenesteliv
  • Dåps- og konfirmantundervisning
  • Diakoni
  • Kyrkjemusikalsk arbeid som kor, konsertar og anna sang- og musikkliv i kyrkjelyden.
  • Barne- og ungdomsarbeid
  • Besøksteneste, frivillig arbeid, medarbeidarskap
  • Forbruk og rettferd, miljøengasjement og samfunnsengasjement
  • Bibelgrupper, samtalegrupper
  • Informasjon, kyrkjeblad
  • Misjon og evangelisering, økumenikk

Forvaltningsmessig

  • Bestemma kva kyrkjeofringane skal gå til
  • Oppretta stillingar som er finansiert med soknerådet sine eigne midlar (med fellesrådet si godkjenning)
  • Medverka (avgi uttale) ved tilsetting av prest, prost og biskop
  • Uttala seg om prestane si arbeidsfordeling
  • Føre forteikning over kyrkja sitt inventar og utstyr
  • Utleige av kyrkja
  • Førebu og innstilla i saker til soknemøtet
  • Førebu og gjennomføra val av sokneråd
  • Avgi rapportar og liknande til kyrkjelege myndigheiter (Departementet, Kyrkjemøtet, bispedømmerådet)

Vedtak i høve til gudstenesta

  • Bruk av alternativ musikk til enkeltledd
  • Formar for lovsong
  • Val av tekstlesarar
  • Når og kor ofring skal finna stad
  • Kva form av Herrens bønn som skal nyttast
  • Kva type vin som skal nyttast ved nattverd
  • Kva utdelingsmåte som skal nyttast ved nattverd
  • Val av lek-nattverdmedhjelparar, etter forslag frå presten. Desse skal godkjennast av biskopen. 

Gudstenestelista og anna informasjon finn du på http://www.hyrdingen.no/

Sist endra 21.12.2015
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Kyrkja
E-post : postmotta@vindafjord.kommune.no

Kyrkjeverje
E-post: Send epost
Login for redigering