Kultur og fritid

Medlemsskap i Den norske kyrkja

Kyrkja si oppgåve er å bringa Bibelen sin bodskap til alle menneske, utan omsyn til kva motiv folk har for å søkja kyrkja sine tenester.

Utmelde og andre som ikkje tilhøyrer Den norske kyrkja, er velkomne til gudstenester og andre arrangement i kyrkja.

Omlag 75 % av innbyggjarane i Noreg er medlemmer i Den norske kyrkja. Kyrkja spør aldri etter grunn for den enkelte sitt kyrkjemedlemsskap.

Skjema for inn-og utmelding

Reglar om medlemskap

Du kan ikkje samtidig vera medlem av Den norske kyrkja og av eit anna trusamfunn.

Personar som flyttar til Noreg, vert medlem av kyrkja ved dåp, eller ved innmelding om ein er døypt i eit anna kyrkjesamfunn (i Noreg eller opprinneleg heimland).

 

Barn sin tilhørigheit til kyrkja

Udøypte barn under 15 år står i ei mellomstilling når det gjeld kyrkjemedlemskap. Er ein eller begge foreldra medlem av Den norske kyrkja, høyrer barna deira inn under kyrkja frå fødselen av, med mindre begge ønskjer det motsette. Barn i denne gruppa vert rekna som "tilhøyrande Den norske kyrkja". Etter fylte 18 år høyrer ingen udøypte inn under Den norske kyrkja.

Personar over 15 år kan sjølv melda seg ut av, eller inn i, Den norske kyrkja.

 

Rettar og plikter som kyrkjemedlem

Den som melder seg ut av kyrkja, har rett til informasjon om kva følgjer utmeldinga får.

Stemmerett ved kyrkjelege val har berre kyrkja sine medlemmer. Utmelde kan ikkje delta ved soknerådsval eller i avstemmingar i soknerådsmøte.

Kyrkjelege verv kan berre fyllast av medlemmer. Utmelde kan ikkje veljast inn i sokneråd, bispedømmeråd, o.l.

Kyrkjelege stillingar må ein vera kyrkjemedlem for å inneha. Dette gjeld ikkje berre prestestillingar, men og for organistar, kyrkjetenarar, kyrkjeverjer osv.

Dåp er ei kyrkjeleg handling. Foreldre som er utmelde kan ikkje utan vidare krevja å få sine barn døypt. Barnedåp forutset at barna får opplæring i den kristne tru. Foreldre som står utanfor kyrkja, men som likevel ønskjer at barnet skal få ei kristen opplæring, kan få døypt barnet sitt etter nærare avtale med presten.

Fadder kan normalt berre den som er medlem av Den norske kyrkja vera. Ein fadder tar på seg viktige oppgåver når det gjeld den døypte si kristelege oppseding. Som fadder kan likevel veljast personar som er medlem av eit anna kristent trusamfunn, og som ikkje forkastar barnedåpen.

Konfirmasjon forutset at konfirmanten er døypt i Den norske kyrkja eller i eit anna kristent trusamfunn. Udøypte kan delta i konfirmasjonsførebuingane, men kan ikkje delta ved forbønshandlingen på konfirmasjonsdagen.
Stadig fleire unge, og vaksne, vert døypt i forbindelse med konfirmasjon. Talet på vaksen-døypte er stigande i dei fleste folkekyrkjer i Europa.

Kyrkjeleg vigsel kan ikkje krevjast dersom ingen av brudefolka tilhøyrer Den norske kyrkja. At ein av brudefolka er medlem, vil normalt vera tilstrekkeleg for at vigsel kan skje i kyrkja. Likevel har den enkelte prest høve til å nekta å vigsla brudefolka om ein av dei ikkje høyrer til Den norske kyrkja.

Kyrkjeleg gravferd blir som regel ikkje føretatt når den døde har stått utanfor kyrkja. Om dei næraste pårørande ynskjer kyrkjeleg medvirkning ved gravferda, har presten lov til å forretta kyrkjeleg gravferd.

Dei borgarlege rettane vert ikkje berørt ved inn- eller utmelding av Den norske kyrkja.

Økonomisk har kyrkjemedlemskapet ingen personlege følgjer. Det er ikkje eiga kyrkjeskatt i Noreg. Alle registrerte tru- og livssynssamfunn mottar støtte pr. medlem frå stat og kommune tilsvarande pengestøtta til Den norske kyrkja pr. medlem.

Yrkesmessig vil ei utmelding, berre i heilt spesielle tilfelle ha noko å seie. Kyrkjemedlemskap vert kravd stort sett berre av kyrkjelege tenestemenn. Minst halvparten av medlemmene i Regjeringen må dessuten høyra til Den norske kyrkja. Ei rekke kyrkjelege organisasjonar krev at tilsette i visse stillingar skal vera medlemmer av Den norske kyrkja.

Sist endra 03.11.2016
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Kyrkja
E-post : postmotta@vindafjord.kommune.no

Kyrkjeverje
E-post: Send epost
Login for redigering