Kultur og fritid

Kyrkjeleg fellesråd

Det er soknerådet som opptrer på vegne av soknet dersom ikkje anna kjem tydeleg fram i lova eller har heimel i lova.

I kyrkjelova § 14 er det slått fast at kyrkjelydane gjennom fellesrådet skal samarbeida om visse oppgåver innanfor kommunen. Dette gjeld:

  • Administrative og økonomiske oppgåver
  • Mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen
  • Arbeidsgivaransvar (tilsetjingar, leiing, arbeidsmiljø, stillingsomtalar osb.)
  • Fremme samarbeid mellom sokna og ivareta ansvaret sokna har ovanfor kommunen.

 

Kyrkjeleg fellesråd sine oppgåver

Fellesrådet legg tilhøva til rette og hjelper til med å organisera arbeidet i kyrkja lokalt på ein best mogleg måte.

Fellesrådet sine oppgåver:

  • Bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer, kyrkjeinventar og kyrkjegardar.
  • Framskaffing og drift av kyrkjelyds- og prestekontor.
  • Framskaffing av lokale, utstyr og materiell til konfirmasjonsopplæring, også tilrettelegging for funksjonshemma
  • Forvaltning av arbeidsgivaransvaret
  • Forvaltninga av den felles økonomien
  • Administrativ hjelp for prosten når staten gir tilskot til det.

 

Medlemmer i fellesrådet

Fellesrådet er kyrkjelyden sitt organ på den måten at medlemmene av fellesrådet blir valde av og blant dei som er valde til medlemmer av dei enkelte sokneråda, kl § 12. Det er altså ikkje direkte val til fellesråd. Føremålet er å sikra at fellesrådsmedlemmene har god kontakt og godt innblikk i soknerådsarbeidet, men det er likevel ikkje slik at soknerådet kan binda sine representantar i fellesrådet.

I tillegg er det lovbestemt at prosten eller ein annan prest oppnemnd av biskopen er medlem av fellesrådet.

Kommunestyret oppnemner også ein medlem til kyrkjeleg fellesråd. Han eller ho må vera medlem av Den norske kyrkja. Representanten blir vald for same periode som kommunestyret, dvs. at representanten vil kunne bli skifta ut midt i fellesrådsperioden.

Medlemmene blir valde for fire år. Funksjonsperioden i rådet tar til 1. januar.

Sist endra 23.03.2015
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Kyrkja
E-post : postmotta@vindafjord.kommune.no

Kyrkjeverje
E-post: Send epost
Login for redigering