Kultur og fritid

Tilskotsordningar - Kultur

Det finst ei rekkje tilskot til kulturarbeid - både kommunale og statlege.

Kommunale tilskot

Etter søknad kan Vindafjord kommune yte stønad til lag og organisasjonar, enkeltpersonar og institusjonar som driv eller vil starte kulturverksemd i Vindafjord kommune. Med kulturverksemd forstår ein dei aktivitetar som "det utvida kulturomgrepet" inneheld og som kjem innunder

  • Tradisjonelt kulturarbeid
  • Barne- og ungdomsarbeid
  • Idrett og friluftsaktiviteter

Lag og organisasjonar som i tråd med retningslinjene driv førebyggjande og aktiviserande arbeid for barn og unge til og med 20 år i Vindafjord kommune, er særleg berettiga tilskot. Tilskota har som formål å stimulera aktiviteten i laga.

Ein kan søkje om tilskot til

  • Drift
  • Leiartrening
  • Utviklingsprosjekt
  • Investering
  • Arrangement/Underskotsgaranti
  • Festivalar
  • Oppstartingstilskot
  • Andre tilskot til særlege kulturtiltak og prosjekt
  • Rusførebyggjande enkelttiltak

 

Retningslinjer for kommunale tilskot, prisar og stipend (rev. i DUK og OPOM 15.11.2010. Tilskot til Rusførebyggande tiltak rev. i OPOM  23.08.2013).

 

Statlege tilskot - Spelemidlar

Nærare informasjon om spelemidlar finn du her.

Kommunen gir rettleiing og handsamar søknader om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv.

Det kan søkjast om tilskot til

  • Nybygg av idretts- og friluftsanlegg
  • Rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • Nærmiljøanlegg

Kommunedelplan for idrett og friluftsliv vil danne grunnlag for prioritering av spelemidlar.

Sist endra 27.03.2015

Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og kulturbygg, vert rullert årleg. Den omfattar temadel og handlingsdel.

Idretts- og skyttarlag, skular og andre som har innspel til handlingsdelen i planen, om nye anlegg, rehabilitering av gamle og liknande, må melde dette inn til Eining kultur.

Vindafjord kommune har fleire tilskotsordningar for lag og foreiningar og deler ut prisar og stipend. Her finn du retningslinjene for dei ulike ordningane.

Skal du søkje om tilskot til kulturarbeid, finn du elektronisk skjema i vårt søknadssenter under kultur og fritid.

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing som skal bidra til at elevar i skulen får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Erik Baust
Fung. einingsleiar
E-post: Send epost
Login for redigering