Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Kultur og fritid

Heimar og folk i Sandeid er ei busetnadssoge i to band. Busetnadsoga handlar om folket som bur og har budd i Sandeid og Ilsvåg, heilt frå gamal tid og fram til notid. Bøkene fortel om levekåra på gardane, bruka  og husmannsplassa, med vekt på einskildmenneska i bydga. Sjøen- bandet dekkjer gardane i og ved Sandeid sjøen og det andre bandet dekkjer grendene Eide, Helgevoll, Helgeland og Ilsvåg. Bøkene er laga på oppdrag frå Vindafjord kommune, og Universitetet i Stavanger har hatt ansvaret for utarbeidinga av verket. 

 

Kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø vart vedtatt i kommunestyret 24.08.2018. Planen er ein omfattande dokumentasjon om kva som finns i Vindafjord kommune, og legg i tillegg viktige føringar for framtida.  

Bygdabøker

Det er skrive bygdebøker for bygdene Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Skjold, Vats, Vikebygd & Vikedal

Bøkene er å få kjøpt i bokhandel, eller på Servicetorget, Vindafjord rådhus, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen - kun kontant betaling

Telefon: 53 65 65 65

E-post: servicetorget@vindafjord.kommune.no

Eit "dragseid" er eit tidlegare kommunikasjonssystem mellom fjordsystema i Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Vindafjord kommune har tre dragseid. Åmsosen - Ølensvåg, Sandeid - Ølen, og Kalstveit og Haraldseidvågen i Skjold.

Kommunen har dei siste åra lagt ned eit stort arbeid for at historia rundt dragseida skal bli kjent.

Bygdebøker, sogeblad, bøker, hefter og anna litteratur og informasjon om kommunen og bygdene er å få tak i hos kommunen. 

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30