Kultur og fritid

Veldehytta 360 m.o.h.

Tilkomst og parkering:
Ta av frå E134 i Øvre Vats, inn på Eikesdalsvegen. (Ca. 2,5 km frå Knapphus og ca. 6 km frå Ølensvåg). Her står det skilt til Eikesdal. Følg Eikesdalsvegen omlag 700 m, til du kjem til skilta parkeringsplass. Her er det rasteplass, info.tavle m/kart og skilt over mange fine turar som startar herifrå.                                                                 

Om turen:
Du følgjer traktorvegen heilt fram til hytta. Om ønskjeleg kan du ta forskjellige avstikkarar undervegs. Bl.a. er det ein fin rasteplass bak ei privat hytte på Dyrhaug. Veldehytta er alltid open. Her kan du nyta nista di inne eller ute. Ute er det også ein grillplass i gammal hustomt. På bordet inne i hytta ligg ei hyttebok du kan skriva deg inn i. Sjå skilt og merking til nye turmål: Morgonsvatnet, Ulserhaug, Vikestølen, Eikås/Bjoa, Vikebygd, Longåsdalen, Bjordal. Vikestølen er Bjoa sitt turmål dette året – litt myrlendt sti.

Terreng:
Traktorveg heilt fram til hytta - nokre bratte parti.

Avstand:
Ca. 6,2 km t/r.

Tidsbruk:
Ca. 1 t 40 min t/r.

Vanskegrad:
Blå tur

Kulturminne:
På vegen passerar ein bl.a. ein «Revebås» og ei fangstfelle (meir info på staden).

Turkart (PDF, 3 MB)
Ut.no

Fotograf: Jon Olav Velde
Sist endra 23.03.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur og læringssenter,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering