Kultur og fritid

Vatnedalsvatnet (130 m.o.h.) frå Øvre Vats bedehus

Følg den merka traktorvegen fram til Vatnedalsvatnet – ca 2 km. Rett før du kjem ned til vatnet, tar du av til høgre ned til utløpet av Vatnedalsvatnet. Sjå skilt. Her er stien vidare skilta og godt merka gjennom tett ore- og bjørkesk og fram til grensa med Skjold – ca 1 km. Ved grensa finn du ein turkasse til Skjold turlag – skriv deg inn i boka her. Her kan du velja om du vil gå attende til Øvre Vats Bedehus eller om du vil gå vidare på traktorveg heilt fram til E 134 ved Austreim gjennom planteskog av gran-, furu- og lerketre – ca 2,7 km. Traktorvegen herifrå er svært lett og fin å gå på heilt fram.

Tilkomst og parkering:
Kjør om lag 1,5 km frå Knapphus mot Ølen langs E 134 til Øvre Vats bedehus som ligg på oppsida av sykkel- og gangstien ved Alvseike. Her er det mogeleg å parkere og det står info.tavle m/kart og opplysningar om tur til Krakkanuten og til Vatnedalen og vidare til Austreim i Skjold.

Avstand:
Ca. 2,8 km

Tidsbruk:
Ca. 30 min

Vanskegrad:
Blå tur – familietur.

Terreng:
Noko bratt traktorveg i starten, men deretter lett å gå vidare. Traktorvegen går gjennom lett blandingsskog heilt fram til Vatnedalsvatnet. Vegen har nokre våte parti innmed vatnet.

Turkart (PDF, 3 MB)
Ut.no

Sist endra 04.02.2016
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur og læringssenter,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering