Kultur og fritid

Tordisnuten 440 m.o.h.

For å bestige Tordisnuten fins det 2 alternative startpunkter. Alternativ 1 er frå Tjeltveit, dette er den kortaste og raskaste turen opp, mens alternativ 2 startar frå det gamle skulehuset i Stokkadalen.

Alternativ 1:
Stien startar ved info.tavla v/P-plassen og går oppover langs traktorveg eit stykke. På vegen oppover er det god utsikt over store deler av Nedre Vats og innover Stokkadalen. Før du kjem opp til toppen ved eit fint utsiktspunkt, står det ein liten varde med ein turkasse med bok i som speiderane har sett opp. Skriv deg inn i boka og bli med i Nutafantkonkurransen. Her kan du ta valget om du vil gå nedatt same vegen til Tjetveit eller om du vil fortsetja og gå 150 m opp til toppen og følga stien vidare ned til det gamle skulehuset i Stokkadalen. Denne rundturen tar om lag 2,5 timar. Når du er komen ned til det gamle skulehuset, må du gå 1,5 km på bilvegen ned til parkeringsplassen ved Tjeltveit dersom du sette bilen frå deg der. Fin rundtur.

Alternativ 2:
Turen startar ved traktorveg like nedanfor det gamle skulehuset i Stokkadalen. Skogsvegen er god å følgja oppover. Du vil sjå nokre namneskilt langs vegen – t.d. Longabrekka og Trollsvingane. Desse namna har sine historiar. Der du tek av frå skogsvegen, er det merka med skilt til Tordisnuten. Ved dette vegskiljet står også eit skilt som viser vegen/stien vidare til Nising. På Tordisnuten er det fin utsikt i alle retningar. Eit lite stykke nedanfor varden på toppen mot Nedre Vats/Tjeltveit – om lag 150 m, har speiderane sett opp ein liten varde og turkasse med turbok i. Skriv deg inn i boka og bli med på Nutafantkonkurransen. Når du har slappa av og ete nista di, må du ta valget om du vil gå nedatt same vegen til det gamle skulehuset der du starta, eller gå ned til Tjeltveit og koma ned til parkeingsplassen v/Tjeltveit og bilvegen der. Har du bilen ved gamleskulen, er det om lag 1,5 km. å gå opp til P-plassen ved gamleskulen.

Tilkomst og Parkering:
Alt. 1:

Ta av E134 ved Knapphus og inn på Rv. 46 mot Nedre Vats. Følg vegen 5 km ned til Kårhuskrysset der du svingar til høgre og kjører vidare 2,3 km ned til Åmsosen. Like før du kjem til Hatteland på kaien, må du ta av til venste , sjå skilt. Kjør 3 km frå Åmsosen mot Stokkadalen til bakketopp like ovanfor Tjeltveit v/Tveitå. Her står TURSTI- og PARKERINGSSKILT + skilt til TORDISNUTEN. Ta av til høgre ved bakketoppen og du finn P-plassen 200 m oppe på vegen + infotavle.

Alt. 2:
Ta av E134 ved Knapphus og inn på Rv. 46 mot Nedre Vats. Følg vegen 5 km ned til Kårhuskrysset der du svingar til høgre og kjører vidare 2,3 km ned til Åmsosen. Like før du kjem til Hatteland på kaien, må du ta av til venste , sjå skilt. Kjør 4,5 km frå Åmsosen mot Stokkadalen – eller 1,5 km lenger inn enn frå Tjelteit - til du kjem til det gamleskulehuset i Stokkadalen. Skilta P – plass like ovanfor skulehuset hos grunneigar Harald Selsås.

Avstand:
Alt. 1:
Ca. 1,6 km
Alt. 2: Ca. 2,6 km

Tidsbruk:
Alt. 1:
Omlag1 time opp til varden ved vanleg gange og småpausar.
Alt. 2: 1,5 t ved vanleg gange.

Vanskegrad:
Blå tur

Terreng:
Alt. 1:
God skogsveg eit stykke oppover og så inn på fin sti til venstre v/Skiljehaugane som slynger seg oppover. Ved Brekkå går du gjennom bjørkeskog og litt blanda vegetasjon.

Alt. 2: Du går på ein skogsveg som slynger seg oppover i lia i blandingsskog før du tar av og går vidare på ein rydda og merka sti i lett terreng gjennom buskar og tre opp til toppen.

Fottøy:
Gode tette sko – helst fjellsko.

Historie:
Segna om TORDISNUTEN – kvifor dette namnet?
Då Svartedauden herja i Noreg, kom sjuka òg til Stokkadalen i Vats. Dei døydde i alle gardane, så nær som ei jente. Namnet hennar var Tordis. Etter ei tid tok ho seg fram mot fjelldraget på vestre sida av vatnet for å sjå om det kunne vera liv i andre grender rundt fjordane. Ho reika rundt på dei høgaste brynene i sør og vest. Berre frå ei stove steig det opp røyk, det var på Raunes på nordvestsida av fjorden. Ho tok seg ned til fjorden på Stokkasida, fekk ropa over, og den eine attlevande der rodde over. Dette var ein ung gut, og dei to slo seg saman og flytta til Stokkadalen.
Frå desse to ættar alle på Stokkadalen i dag. Nuten ho tok seg opp på, vart kalla Tordisnuten, og ber det namnet den dag i dag. Og det seiest at i alle ættledar har kvinnenamnet Tordis vore halde oppe, og det like til den dag i dag.

Turkart (PDF, 991 kB)
Ut.no, alt. 1 frå Tjeltveit
Ut.no, alt. 2 frå det gamle skulehuset i Stokkadalen

Sist endra 01.02.2016
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur og læringssenter,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering