Kultur og fritid

Stråtveit 167 m.o.h.

Tilkomst og parkering:
I Kårhuskrysset – sving inn på Raunesvegen og følg denne vegen 5 km nesten heilt ut til Raunes. Like før du kjem til AF Miljøbase Vats, ser du ei info.tavle og eit skilt til Stråtveit på høgre sida av vegen. Skilta parkeringsplass finn du på venstre side av vegen, ved busskur.

Dersom du ikkje vil gå, men kjøra bil heilt fram, må du betala bompengar. Avgifta er 30,- kr. som du legg i konvolutt i kasse 300 meter lenger oppe på vegen.

Om turen:
Stråtveit er ein stor gamal fråflytta gard som var veglaus før. Mange gamle bygningar på garden er renoverte og sette i god stand. Her er det lagt til rette med grillplass og informasjonstavle. Det er turstiar med opplysningsskilt og informasjon om treslag og bygningar. Ta gjerne turen ned til eit lite restaurert naust nede ved sjøen – då går du på ein sti gjennom trolsk og opplevelsesrik eventyrskog med fleire informasjonsskilt.

Terreng:
Bilveg (grusveg) heilt fram – nokre bratte parti i starten.

Avstand:
7,2 km t/r frå parkeringsplassen.

Tidsbruk:
Ca. 2 timar t/r.

Vanskegrad:
Grøn tur (PDF, 145 kB) – fin familietur.

Opplysningar:
Bomveg, som er open for biltrafikk frå påsketider til 10. september.

Turkart (PDF, 972 kB)

Digitalt turkart

Ut.no

Bilete (PDF, 3 MB)

Historie:
Stråtveitgarden er ein av dei største gardane i Vats med om lag 5000 mål totalt og kan førast attende til 13 – 1400 talet. Som odelsgard har han historie frå 1692.

Garden vart kyrkjegods på 13 – 1400 talet. Under reformasjonen i 1537 overtok kongen kyrkjegodsa og då vart Stråtveit krongods. Då Kongen av Danmark trong penger til krigar i 1690-åra, vart dei fleste krongodsa selde for å skaffa penger til kongen. Garden vart seld til Nils Larsen Raunes i 1692.

Garden har vore i Stråtveitslekta i 280 år – frå 1692 til 1972.

Dei siste som budde på garden, flytta i 1957. Garden låg ”brakk” frå 1957 til 1972 då A/S Norske Skog kjøpte garden. Då trong husa renoverast utvendig for å hindra forfall. Då vart det sett på nye tak og bordkledning på ytterveggene.

Husa på garden:
Det er 14 bygningar på garden. Hovudhusa som står i dag, er frå 1800-talet. Mange hus på garden: Stovehus, løe, fjos, stabbur, folgehus, smie, kvernhus, eldhus, treskeløe, sirkelsag, vedhus,uteløer og naust.

Husmannsplasser:
Det var 6 husmannsplasser på Stråteit:
Habn, Hummervik, Greburhaugen, Lunden, Krekjen og Brattestø.

Garden var veglaus fram til 1970-talet då A/S Norske skog overtok garden.

Telefon:
Lars Stråtveit la opp ei 8 km lang telefonlinje frå telefonsentralen i Åmsosen allereie i 1928.

Skulegong for borna på Stråteit:
Det var omgangsskule her. Læraren budde på garden i 3 – 4 veker og underviste borna i stova. Faga var lesing, skriving, rekning, religionsopplæring med katekisma m/forklaringar + pugging av salmevers. Dette varte fram til langt på 1900-talet. Seinare måte borna inn til Indreland skule (Soltveit skule).

Folket på garden levde godt på det garden gav:
Garden var eit sjølvbergingsbruk, dvs. dei var sjølvhjelpne med det meste og brukte og utnytta det naturen kunne gi dei – dei hadde naturalhushald, men etter kvart vart det kjøp og sal av produkter dei trong. Dei hausta meir frå jordbruk, husdyrhald, skogbruk, jakt i fjellet og fiske i fjorden enn det dei trong sjølv. Dermed vart det inntekter som kunne nyttast til ulike formål til familien.

Stråtveit Stråtveit 2
Sist endra 17.04.2018
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur og læringssenter,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering