Kultur og fritid

Skomakernibba

Frå infotavla følgjar du skilta/raude pinnar inn på traktorveg. Eit stykke oppe i lia går turen over i godt merka sti som svingar seg i flott terreng oppover. Skomakarnibba som er målet er ei stupbratt berghylle (nase som stikk ut). Sagne fortel om ein skomakar som måtte sitje her å laga eit par sko som straff. Nesten ferdig så mista han nåla og såg ingen annan utveg enn å hoppa etter den ! Ver forsiktig her ute og pass på barna. Postkassen finn du her. Eit godt alternativ til returen er ned til garden Bala som også er merka. Det vert då ein fin rundtur med ca 5 min gange tilbake til bilen.

Tilkomst og parkering:
Frå Vikedal sentrum tek du av til Roaldkvam. Køyr 3 km og du er framme ved den nedlagde taubanen til Lysenuten. Informasjonstavla står her på høgre sida av vegen.

Parkering:
Parker ca 100 m lenger fram nede på tunet til garden Ørnes. Ta omsyn til nødvendig ferdsel for dei fastbuande.

Avstand til målet:
Det er 1,6 km opp til Skomakarnibba der postkassen står. Tilbaketuren kan gjerast ned til garden Bala. Herifrå er det 5 min gange langs veg tilbake til parkeringsplassen. Totalt vert turen då 3,8 km og turen vil ta 1 time og 45 min tur/retur.

Vanskegrad:
Blå tur med god traktorveg eit stykke. Turen går så over i bratt sti, enkelte blaute parti, så ha gode sko.

Fottøy:
Bruk gode tette sko.

Turkart som pdf (PDF, 855 kB)

Skomakernibba | Fotograf: Marianne Bakkedal Skomakernibba
Sist endra 27.03.2015
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering