Kultur og fritid

Skomakernibba 300 m.o.h.

Tilkomst og parkering:
Frå Vikedal sentrum tek du av mot Vikedalsdalen (Movegen). Køyr 3 km og du er framme ved den nedlagde taubanen til Lysenuten. Informasjonstavla står her på høgre sida av vegen. Parker ca. 100 m lenger fram, nede på tunet til garden Ørnes. Ta omsyn til nødvendig ferdsel for dei fastbuande.

Om turen:
Frå info.tavla følgjer du merkinga inn på traktorveg. Eit stykke oppe i lia går turen over i godt merka sti som svingar seg i flott terreng oppover. Skomakarnibba er ei stupbratt berghylle ("nase" som stikk ut). Sagne fortel om ein skomakar som måtte sitje her å laga eit par sko som straff. Nesten ferdig så mista han nåla og såg ingen annan utveg enn å hoppa etter den! Ver forsiktig her ute og pass på barna. Eit godt alternativ til returen er på merka sti ned til garden Bala. Det vert då ein fin rundtur med ca. 5 min gange tilbake til bilen.

Terreng:
Traktorveg eit stykke, så bratt sti, enkelte blaute parti.

Avstand:
3,4 km t/r. Med tilbaketur via Bala gard (rundtur): 4,3 km.

Tidsbruk:
Ca. 1 time 15 min t/r (rundtur:1 time og 45 min.).

Vanskegrad:
Blå tur (PDF, 145 kB)

Turkart (PDF, 3 MB)

Digitalt turkart

Ut.no

Ut.no - Rundtur

Skomakernibba Skomakernibba | Fotograf: Marianne Bakkedal
Sist endra 11.04.2018
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur og læringssenter,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering