Kultur og fritid

Olalia 467 m.o.h.

Olalia turisthytte ligg på 467 m.o.h. Ny hytte og ny turveg opna sommaren 2014. Det er Haugesund Turistforeining som eig Olalihytta. Ein kan nå koma inn til hytta med sykkel, barnevogn og rullestol (krev rullestol med gode terreng eigenskapar). Det er lett terreng. Hytta ligg omlag 100 m høgare enn parkeringsplassen. Litt stigning opp til det vesle vatnet "Tosko". Ved "Tosko" er du omlag halvvegs og terrenget endrar seg frå skog til opent lende. Vegen går forbi "Ongelsvatnet", og det siste stykket inn til
hytta er stort sett nedoverbakke.

 

Frå hytta og tilbake til parkeringsplassen finst det fleire alternativ. Du kan gå om Staurskar/Steinsfjellet. Her ser du m.a. Siggjo, Stovegolvet, Melderskin, Folgefonna, Ingebørnuten, Hustveitsåta i klarvêr. Frå Røde kors hytta kan du gå om Keisarholli og Skukkane..

 

Du kan overnatte på hytta. Meir info www.ut.no

Tilkomst og parkering:
E-134 frå Ølen til Opheim. Parkeringsplass på fjellet ved Opheim. Avgift.

Avstand:
Omlag 5 km ein veg

Tidsbruk:
Til fots, omlag 3 t/r + pausar. Mindre med sykkel.

Vanskegrad:
Grøn tur

Terreng:
Turveg

Fottøy:
Joggesko, støvlar eller fjellsko

Turkart som pdf (PDF, 8 MB)

Olalia | Fotograf: Torbjørn Ruud Olalia | Fotograf: Knut-Arild Sørensen, Friluftsrådet Vest

 

 

Sist endra 10.03.2015
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur og læringssenter,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering