Kultur og fritid

Nising

Tilkomst og parkering:
Ta av ved Knapphus og inn på Fv. 46 mot Nedre Vats. Følg vegen 5 km ned til Kårhuskrysset der du svingar til høgre og kjører vidare 2,3 km ned til Åmsosen. Like før du kjem til Hatteland på kaien, må du ta av til venstre, sjå skilt til Stokkadalen. Følg denne vegen 4,5 km til det gamle skulehuset i Stokkadalen. Det er god parkeringsplass like ovanfor det gamle skulehuset.

Om turen:
Turen startar på traktorveg, like nedanfor det gamle skulehuset i Stokkadalen. Ein føljer fraktorvegen i vel 2 km oppover lia, litt bratt. Så går det over i flatt/kupert terreng gjennom lauvskog og litt myr eit stykke før stien går bratt og kronglete nedover ei skogkledd li til ein kjem ned til Nising som ligg nede ved sjøen ved Yrkesfjorden. Her har det vore fastbuande familiar i mange generasjonar, men i dag er dette ein fråflytta plass. I dag blir husa brukte som hytte/fritidsbustad for etterkommerar av tidlegare eigerar. I løpet av turen vil du sjå nokre namneskilt langs vegen – t.d. Ospedalen, Longabrekka og Trollsvingane, Sleahidlerane, Skripedalen, Brittaklypa, Råså, Skihidleren, Råsåvegen, Busteinane m.fl. Desse namna har sine historiar. Her har det vore fastbuande familiar i mange generasjonar, men i dag er dette ein fråflytta plass. I dag blir husa brukte som hytte/fritidsbustad for etterkommerar av tidlegare eigerar.        

Terreng:
Traktorveg og sti gjennom lauvskog og over myr, til tider bratt.

Avstand:
Ca. 8 km t/r.

Tidsbruk:
Ca. 3 timer t/r.

Vanskegrad:
Raud tur. (PDF, 145 kB)

Turkart som pdf (PDF, 3 MB)
Ut.no

Fotograf: Jon Olav Velde
Sist endra 15.02.2018
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur og læringssenter,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering