Kultur og fritid

Kjort 606 m.o.h.

Frå parkeringsplassen er det skilta veg som går mellom husa til Halvard Stokkedal. Her går du inn på traktorvegen oppover – følg denne til endes til Koltveitskaret. Langs vegen er det sett opp fleire gjerdeklyvarar. Du vil også sjå nokre namneskilt som er sette opp langs vegen. (I gamle dagar var svært viktig å ha namn på mange stader i utmarka når ein skulle seia kor ein skulle henta dyr m.m.) Frå Koltveitskaret ser du merkepinnane langs stien til toppen. Oppe på Kjort , 606 m o. h., er det flott utsikt over store deler av Haugalandet.

Tilkomst og Parkering:
Ta av ved Knapphus og inn på Rv. 46 mot Nedre Vats. Følg vegen 5 km ned til Kårhuskrysset der du svingar til høgre og kjører vidare 2,3 km ned til Åmsosen. Like før du kjem til Hatteland på kaien, må du ta av til venste , sjå skilt. Kjør vidare 6,3 km oppover dalen til du kjem til ein inngjerda og skilta P – plass godt tilrettelagt hos Halvard Stokkedal (6,3 km frå Åmsosen). Her finn du info.tavle med opplysningar og skilta veg til Kjort.

Avstand:
4 km å gå frå P-plassen og opp til toppen .

Tidsbruk:
Om lag 1,5 t å gå til toppen m/småpausar.

Vanskegrad:
Blå tur – familietur, men noko tung for dei minste.

Terreng:
Skogsveg til Koltveitskaret med ein del bratte parti, men vidare opp er stien god og forholdsvis lett å gå.

Turkart (PDF, 2 MB)
Ut.no

Sist endra 02.02.2016
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur og læringssenter,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering