Kultur og fritid

Fuglen og Grånuten frå Vindafjordtunet i Vats

Du startar med å gå på god traktorveg/bilveg på nordsida av sjukeheimen. Følg skiltinga oppover. Traktorvegen svingar seg oppover lia 2 km ta av til venstre gjennom ei grind og vidare opp gjennom lia på litt dårlegare traktorveg 300 m – følg skilt – og så til venstre inn på merka og rydda sti. Her kan du nyta roen mellom trea og lytta til fuglesongen eller få auga på anna liv i terrenget. Dette er ein fin fjelltur, men kan vera litt krevjande. Oppover traktorvegen er det fin panoramautsikt over bygda. Hugs bandtvang – beitande sauer her. Oppe på Grånuten er det flott utsikt i fleire retningar. Dersom du vil, kan du herifrå gå vidare til Fuglen og ned Haukadalen til E 134 ved Krakk. Det er skilt og merkepinnar heile vegen.

Tilkomst og parkering:
Kjør 5 km frå Knapphus mot Nedre Vats til Kårhus v/sjukeheimen og parker her. Her står info.tavle m/kart og opplysningar om turar i Vats og om turane som startar her.

Avstand:
3 km opp til toppen.

Tidsbruk:
Om lag 1,5 t å gå opp til varden på Grånuten med vanleg gange og om lag 2 t og 15 min tur/retur.

Vanskegrad:
Raud tur – familietur. Noko bratt traktorveg i starten. Stien frå traktorvegen har også nokre bratte parti oppover lia.

Terreng:
Traktorvegen svingar seg oppover lia 2 km til du tar av ved grind og merka sti vidare gjennom lauvskog og litt ulendt terreng før du når tregrensa og får fritt utsyn.

Hugs bandtvang og å lukke grinder.

God tur!

Turkart (PDF, 2 MB)
Ut.no
Hike information in English

Grånuten | Fotograf: Jon Olav Velde
Sist endra 03.02.2016
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur og læringssenter,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering