Kultur og fritid

Fjellgardsbakken

Tilkomst og parkering:
Ta av frå E134 ved tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal (Aurdalsvegen). Følg denne vegen til endes 1,4 km og litt forbi tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass med info.tavle.

Om turen:
Følg traktorveg heilt opp til Fjellgardsbakken. Vegen går langs elva oppover forbi Sagflåta og over Kleiva bru og vidare gjennom gran- og furuskog i slakt terreng til du kjem til Aurdalselva på ny, ved Fjellgardsbakken.
Gjennom Aurdalsdalen var det ferdselsveg frå Øvre Vats til Sandeid i gamle dagar. I dag går det traktorveg innover heilt over til Steinsland i Sandeid. Du finn ein del namneskilt langs vegen innover. Ved brua på Fjellgardsbakken er det sett opp benk og turkasse med bok i.

Terreng:
Lett å koma seg fram, på fin grusveg.

Avstand:
Ca. 3,4 km t/r.

Tidsbruk:
Ca. 1,5 time t/r.

Vanskegrad:
Grøn tur, tilrettelagt. (PDF, 145 kB)

Turkart (PDF, 2 MB)

Fotograf: Jon Olav Velde Fotograf: Jon Olav Velde Fotograf: Jon Olav Velde

 

 

 

Sist endra 15.02.2018
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur og læringssenter,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering