Kultur og fritid

Fiske og fritid i Stokkadalsvatnet

Gratis fiske og gratis båtleige i Stokkadalsvatnet hos Halvard Stokkedal. Vatnet ligg like nedanfor parkeringsplassen – følg traktorvegen ned til vatnet. Nede ved vatnet er det rydda til ein liten ”leirplass” der kven som helst kan slappa av og kosa seg. Dei som vil ut på vatnet og fiska eller berre ro ein tur, kan låna robåten heilt gratis.

Krav til brukarar av ”leirplassen” og lån av båten:

a. Hald området ryddig.

b. Kast all søppel i bossdunken.

c. Legg båten på rett plass etter bruk.

d. Skade på båten må ordnast eller meldast frå til Halvard Stokkedal.

Ta kontakt med Halvard Stokkedal om naudsynt på Tlf. 95058904

Sist endra 05.02.2016
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Kultur og læringssenter,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering