Sommarles er endeleg i gang

Mange barn har venta med spenning på 1. juni. av ein enkel grunn - då startar lesekampanjen "Sommarles" opp.

Sommarles er i gang.Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje i regi av biblioteka, der målet er at flest mogleg barn i 1.-7. trinn skal lese mest mogleg i løpet av sommarferien. Sommarles gjer bruk av element frå digitale spel for å motivere til lesing, i tillegg til at barna kan hente premiar på biblioteket. Ein kan også få premiane utdelt via ordninga «Bok i butikk»

I 2021 var 456 barn frå Vindafjord med på Sommarles, og på landsbasis deltok over 164 000 leseglade barn. Biblioteket håpar sjølvsagt at enda fleire vil bli med i 2022. Sommarles startar 1. juni og blir avslutta den 31. august.

Kvar måndag blir det frigjort eit nytt kapittel av den spennande historia "Eventyr på rømmen". Kvar onsdag klokka 14.00 kan ein kome på biblioteket og høyre bibliotekaren lese eit nytt kapittel av historien. I tillegg kan ein i ein eigen artikkel på nettsida til biblioteket og på biblioteket si Facebookside finne nytt kodeord. Det er totalt 12 kapittel og kodeord. Kodeordet som blei frigjort onsdag 1. juni er: "Hologram".

Ta kontakt med biblioteket på telefon 53 65 58 60 om du har spørsmål.

Oversikt over premiane: 

Oversikt over premiar Sommarles 2022