Råd til russen

Smittesituasjonen i Noreg er ustabil, og russen får også i år ei russefeiring prega av pandemi og smitteverntiltak. Her er nokre enkle, men gode råd til russen.

Klikk for stort bilete Illustrasjon: FHI

Smittevernråd og -tiltak bidrar til å avgrensa smitte, og vil i høg grad påverka årets russetid. I sørfylket er det no eit smitteutbrot blant russen, og det påverkar ikkje berre den enkelte.

– Dersom det blir smittespreiing i russekullet, kan det for eksempel føra til strengare tiltak på skulen eller i kommunen ein bur i. Det kan også bli utfordrande å gjennomføra eksamen for dei som eventuelt havnar i karantene eller isolasjon, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Generelle råd for russetida

  • Ta ein gratis test og bli heime om du har symptom på luftvegsinfeksjon, er sjuk eller i karantene.
  • Hald god avstand til andre (minst 1 meter).
  • Vask hender eller bruk handdesinfeksjon ofte. Bruk handsprit før du deler ut russekort.
  • Ikkje del flaske med andre.
  • Husk at det er mindre smitterisiko utandørs.
  • Alle må avgrensa kor mange dei er saman med for å avgrensa smittespreiing. For å ikkje ha for mange nærkontaktar, kan det vera lurt å danna mindre, faste grupper som er saman. For eksempel kan dei som har buss saman væra ei gruppe, eller dei som er saman elles. Ta likevel omsyn slik at ingen blir aleine.
  • Unngå å ta med ungdom som ikkje er russ i buss, bil eller i gruppa, for å unngå smitte til andre skular eller trinn.
  • Last gjerne ned Smittestopp-appen for å bidra til rask og god smittesporing dersom du eller andre blir utsett for smitte.

Meir om råd og reglar finn du her