Nerheimstunet

Nerheimstunet - Klikk for stort bileteNerheimstunet Trond Husebø

Nerheimstunet er ein del av Sunnhordland Museum. Tunet ligg i Ølen, og er eitt av opphavleg to gardstun som stod på bruket Nerheim Store.

Nerheim tyder heimen til Njord, sjøguden og fruktbarheitsguden i den Norrøne trua. Staden vart også kalla Njardheim i eldre tider. I førkristen tid stod det eit gudehov her. Bygdetinget har også truleg halde til her. Frå 1326 til omlag 1860 er Nerheim nemnd som ein kyrkjestad, men i 1874 vart det bygd ei kyrkje på ei ny tomt ved sjøen. Men, kyrkjegarden vart liggjande på Nerheim, og det gamle våpenhuset vart lenge ståande som reiskap. Gardstunet på det eine bruket på Store Nerheim reknar vi med vart reist i omlag 1660, og har alltid vore sjølveigande.

Nerheimstunet er eit Vest Norsk Bygdetun frå 1859 tallet som ligg sentralt i Ølen, og er eit av opphavleg to gardstun som stod på bruket Nerheim Store. Dei hadde eldhuset felles, og difor er det større enn vanleg, og med inngang frå begge endar. Tunet elles inneheld mellom anna eit bustadhus, som er to samanbygde lemstover, løe, skytje, stabbur. Bygningane på Nerheim inneheld innbu og reiskap som opphavleg er frå garden men og frå bygda elles.

I eldhuset er mellom anna ei stor samling skipsbyggingsreiskap frå familien Sjovatsen, som i fleire generasjonar dreiv jaktebygging på Sandviksanden i Bjoa. Den siste som dreiv garden var Anna Steensdatter, den yngste av ein søskenflokk på ni. Alle søsken flytta til Amerika ,og Ho hadde ingen etterkomarar, og dermed testamenterte garden til Sunnhordland Museum i 1969.

Det er høve til å leiga stova på Nerheimstunet til mindre tilskipingar. Stova tek maks. 20 personar og kostar 750.- kroner. Ein kan ordne mat sjølv og drikke sjølv, men ønskes catering kan du ringe og spørje om tilbod.

Nerheimstunet har ope søndagar i sommarsesongen. 

Nerheimstunet ligger sentralt i Ølen, bare 600 meter frå Ølen sentrum. I frå ølen sentrum mot Sandeid, ta til høgre mot Ebne plantesenter, og følg skilt vidare.

 

Kontakt for meir informasjon

Nerheimstunet, Sunnhordland Museum: 

Email: felles@sunnhordland.museum.no

Tlf: 53 41 38 99

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30