Tilskotsordningar - Kultur

Det finst ei rekkje tilskot til kulturarbeid - både kommunale og statlege.

Kommunale tilskot

Etter søknad kan Vindafjord kommune yte stønad til lag og organisasjonar, enkeltpersonar og institusjonar som driv eller vil starte kulturverksemd i Vindafjord kommune. Med kulturverksemd forstår ein dei aktivitetar som "det utvida kulturomgrepet" inneheld og som kjem innunder

  • Tradisjonelt kulturarbeid
  • Barne- og ungdomsarbeid
  • Idrett og friluftsaktiviteter

Lag og organisasjonar som i tråd med retningslinjene driv førebyggjande og aktiviserande arbeid for barn og unge til og med 20 år i Vindafjord kommune, er særleg berettiga tilskot. Tilskota har som formål å stimulera aktiviteten i laga.

Ein kan søkje om tilskot til

  • Drift
  • Leiartrening
  • Utviklingsprosjekt
  • Investering
  • Arrangement/Underskotsgaranti
  • Festivalar
  • Oppstartingstilskot
  • Andre tilskot til særlege kulturtiltak og prosjekt
  • Rusførebyggjande enkelttiltak

 

Retningslinjer for kommunale tilskot, prisar og stipend

 

Statlege tilskot - Spelemidlar

Nærare informasjon om spelemidlar finn du her.

Kommunen gir rettleiing og handsamar søknader om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv.

Det kan søkjast om tilskot til

  • Nybygg av idretts- og friluftsanlegg
  • Rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • Nærmiljøanlegg

Kommunedelplan for idrett og friluftsliv vil danne grunnlag for prioritering av spelemidlar.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30