Søknad om spelemiddel - idrett, friluftsliv og kulturbygg

Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og kulturbygg, vert rullert årleg. Den omfattar temadel og handlingsdel.

Idretts- og skyttarlag, skular og andre som har innspel til handlingsdelen i planen, om nye anlegg, rehabilitering av gamle og liknande, må melde dette inn til Eining kultur.

Generell orientering om ordninga

Ordinære anlegg:
Ordinære anlegg og rehabilitering av eksisterande anlegg (større anlegg).

Nærmiljøanlegg:
Enklare anlegg i nærmiljøet, som ballbinge, tursti v/skule/byggefelt (mindre anlegg).

Mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg:
Enkle anlegg, t.d. lys rundt ballbinge. Det er ikkje plankrav til denne søknadstype. Det kan søkjast heile året, ”først til mølla” – prinsippet (forenkla ordning). Det kan bli endringar i denne type anlegg.

Lokale kulturbygg – desentralisert ordning:
Samfunnshus, mindre kulturbygg, grendahus, allaktivitetshus, verkstad for ulike fritidsaktivitetar, bibliotek og liknande. Nedre grense for prosjektkostnad er kr. 450.000.

 

Søknad

Alle søknadar må sendast elektronisk på www.anleggsregisteret.no. Her finn de òg meir informasjon om ordninga.

I høve planen og planarbeid blir det lagt vekt på Idrettsrådet sine forslag til innstilling og prioriteringar.

Innspel til planen vert å melde til Idrettsrådet v/ Lars Olav Larsen 5585 Sandeid. Send kopi til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Handlingsprogrammet til planen må bli sett på i samband med budsjett og økonomiplanarbeidet.

 

Større anlegg

Større anlegg, t.d. idrettshallar eller symjehallar, skal sendast Kultur- og kyrkjedepartementet for idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning.

For kommunal idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning, (ordinære og mindre kostnadskrevjande anlegg) sendast søknad til Kommunaltekniske tenester, 5585 Sandeid, med kopi til Einingsleiar Kultur, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30