Fjellstøl Ski- og Friluftsanlegg

fjellstol - Klikk for stort bilete Fjellstøl Ski- og Friluftsanlegg er det første anlegget i det interkommunale samarbeidet om idretts- og kulturanlegg.  Karmøy, Haugesund, Tysvær, Bokn, Sveio og Vindafjord kommunar er eigarkommunar. Fjellstøl-anlegget vart åpna i februar 1987. 

 


Kva er Fjellstøl? 

Fjellstøl er eit heilårs idrettsanlegg med nytt høgstandard arenahus/varmestove, garderobe/dusj, moderne gruslagt lysløype tilrettelagt også for rullestolbrukarar og ny flott akebakke. Bygget inneheld også eige HC-toalett m/dusj som alltid er åpent.

Kven kan bruka anlegget? 

Lag og organisasjonar innan idrett og kultur i eigarkommunane kan disponere anlegget. Bruken er gratis, men brukarane må syta for reingjering og rydding etter bruk.

Parkering

Anlegget har stor parkeringsplass som kan brukast mot avgift kr 40. Betaling enten med VIPPS eller kontanter i konvolutt direkte i kasse på parkeringsbu ved innkjøring til anlegget.  Årskort kr 400 kan kjøpast ved Sandeid Bensin eller på anlegget når kiosk i varmestova er åpen.
Parkeringsplassen er åpen heile døgeret.

Løypenett 

Lysløype på nesten 5 km som blir oppkjørt stort sett daglig heile vinteren dersom det er snø.  Våre løypemannskap kjører også løype til Olalia turisthytte og området i tilknytning til denne. På sommarstid er løypenettet ideelt for trening, enten du går, spring, brukar rullestol, går med barnevogn eller brukar sykkel. Løypenettet er stengt for motorkjøretøy dersom det ikkje er gitt særleg løyve til bruk av slike .
Lyset slår seg av i løypa 23 om kvelden.

Kvar finn ein Fjellstøl? 

Ta av ved Sandeid kyrkje, køyr Helgelandsvegen ca 3 km, ta deretter av på Fjellstølvegen og kjør ca 2,2 km til endes på denne. Då er du framme.

Slik får du info om forhold rundt anlegget:

Vaktmester og løypeansvarlig: Rune Vestbø, tlf 97764151, 95493336 
Hovudansvar for Fjellstøl: Lars Olav Larsen, tlf 97650640

Trykk her for å komme til Skiløypestatus Fjellstøl, Olalia og Opheim på Facebook 
Trykk her for å komme til Vindafjord IL si nettside.
Trykk her for lenka for info frå skisporet.no
Trykk her for å komme til  web-kamera på anlegget - dette gir heile tida oversikt over korleis snøforholda er

Velkommen til fjells!

Fant du det du såg etter?