Storøyna

Tilkomst og parkering:
Ta av frå fylkesveg 46 til Kvaløy. Følg Kvaløyvegen nedover, ta til venstre i første kryss og til høgre i neste kryss. Følg Storøyvegen over Litløyna og vidare over på Storøyna til du kjem til ein opplagsplass. God plass for parkering.

Om turen:
Frå opplagsplassen ta til høgre inn på traktorveg og følg denne. Det er ein bratt bakke i byrjinga av vegen, resten går litt opp og litt ned. Har du ei god barnevogn og likar litt ekstra styrketrening på turen er det mogleg å ta den med, men det er tungt. Turkassen står ved enden av traktorvegen. Her kan du snu og gå same vegen tilbake. Vil du ha litt ekstra utfordring kan du fortsetja vidare rundt øya. Då må du ha gode sko, for der traktorvegen tek slutt er det ganske blautt. Deretter kan du følgja ein sti eit lite stykke før du kjem til nokre små bratte parti på litt berg som kan vera glatte og kor stien ikkje viser så godt. Så har du gått rundt øya og kjem ut ved parkeringsplassen ved båthamna. Følg vegen tilbake til parkeringsplassen.

Terreng:
Traktorveg (t/r) og  sti, myr, berg på rundtur.

Avstand:
Ca. 2,6 km t/r og ca. 2,1 km rundtur.

Tidsbruk:
Ca. 45 min t/r og rundtur.

Vanskegrad:
Grøn tur. (PDF, 145 kB)

Anna:
Kvaløy har og friluftsområde med badeplass og toalett.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30