Olalia 464 m.o.h.

Tilkomst og parkering:
Ta av frå E134 på Opheim, Olalivegen. Parkeringsplass på fjellet. NB! P-avgift: kr 40,- + gebyr. Betal ved å send SMS eller via Easypark-appen. Du kan og starta frå Fjellstøl (Sandeid). NB! P-avgift: kr 40.-. Betal med kontanter eller Vipps.

Om turen:
Haugesund Turistforeining eig Olalihytta. Ny hytte og ny turveg opna i 2014. Du kan koma inn til hytta med sykkel, barnevogn og rullestol. Det er lett terreng. Hytta ligg omlag 100 m høgare enn parkeringsplassen. Litt stigning opp til det vesle vatnet Tosko. Her er du omlag halvvegs og terrenget endrar seg frå skog til ope lende. Vegen går forbi Ongelsvatnet. Det siste stykket inn til hytta er stort sett nedoverbakke.

Frå hytta og tilbake til parkeringsplassen er det fleire alternativ. Du kan gå om Staurskar/ Steinfjellet. Her ser du m.a. Siggjo, Stovegolvet, Melderskin, Folgefonna, Ingebørnuten, Hustveitsåta i klarvêr. Frå Røde kors-hytta kan du gå om Keisarholli og Skukkane.

Du kan overnatta på hytta. Meir info ut.no 

Terreng:
Turveg. Enkelte bratte parti.

Avstand:
11,2 km t/r

Tidsbruk:
Ca. 3 timar t/r

Vanskegrad:
Grøn tur  (PDF, 145 kB)

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30