Myrstøl 375 m.o.h.

Tilkomst og parkering:
Ta av frå Saudavegen inn på Ølmedalsvegen på austsida av Ølmedalsvatnet. Ta så til høgre inn på privat bomveg rett før Ølmedal camping. Følg denne til du kjem til stor parkeringsplass.

Om turen:
Passer bom inn på skogsveg og etter 15-20 min. frå parkeringa, ta av til høgre opp ein kort sideveg som tek deg til godt synleg sti inn i skogen. Gå forbi to raude stølshus og vidare mot Vasstølvatnet. Langs vatnet er det god sti. Ved enden av vatnet renn det ei elv. Etter vel 15 min er du framme ved Myrstøl. Om du finn kong Håkon den 7. sitt sirlege monogram på steinhella ved den vesle grå stølsbua, treng du ikkje vera i tvil om at du er framme ved Myrstøl. Nyt freden, stilla og nistepakken. Kjem du hit på hausten kan du kanskje høyra hjortebrøl i lia.

Terreng:
Starter på god traktorveg, hovudsaklig bortover og litt oppover. Går over på sti, som har nokre våte partier.

Avstand:
8 km t/r.

Tidsbruk:
Ca. 3 timer t/r.

Vanskegrad:
Blå tur. (PDF, 145 kB)

Turkart (PDF, 2 MB)

Digitalt turkart

Ut.no

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30