Kommunen har som mål å legge best mogleg til rette for aktiv bruk av dei turmåla kommunen har å by på, både for fastbuande, arbeidarar og turistar.
Ved hjelp av dugnadsinnsats i dei 9 bygdene, har det blitt merka, rydda og skilta minst 5 turar i kvar bygd.
Under kvar bygd finn ein oversiktskart som viser alle turane i den aktuelle bygda, i tillegg til turkart for kvar enkelt tur med tilhøyrande turinformasjon og bilde frå turen.
Ønsker ein meir informasjon om fargekodane (vanskegrad), så ta ein titt på merkehandboka sin gradering, vandring. (PDF, 145 kB)
Publikum har kome med ønske om eit meir "levande" kart. Derfor har det blitt bestemt å legge turane inn på Ut.no. Dette arbeidet er i gang.
Publisert05.06.2015 10.51