Lokale råd og tiltak som gjeld i Vindafjord

Helse- og omsorgsdepartementet har den 16.mars tatt avgjerd om å innføre nasjonale tiltak for kommunane på Haugalandet. Dette gjeld Haugesund, Tysvær, Karmøy, Bokn, Vindafjord, Utsira og Sveio. Barnehagar og skular i Vindafjord skal fortsatt drifte på gult nivå.

Dei forsterka smitteverntiltaka gjeld i perioden frå midnatt 16. mars – 11. april 2021

Tiltaksnivå A, kapittel 5A, særlig høyt tiltaksnivå, på regjeringens nettsider >>>

Skular, barnehagar og kulturskule

  • Barnehagar, barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skular driv frå og med 19. mars til og med 11. april på raudt nivå.
  • Vaksenopplæring, inkludert vinterlandbruksskulen, skal ha  digital-/ heimeundervisning.
  • Kulturskulen vil ha tilpassa eller digital undervisning frå og med 18. mars til og med 11. april.
  • Les meir om Folkehelseinstituttet sin trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå, som viser kva for nokre smitteverntiltak barnehager, skular og kulturskule skal følgje: Rettleiarar smitteverntiltak

Stenging av verksemder

Følgande verksemder må stenga ned i Vindafjord:

  • Serveringsstader, som restauranter, kafear, barar, pubar og liknande. Serveringsstader kan likevel halda ope for å selja mat og ikkje-alkoholhaldig drikke som ikkje skal nytast på staden. Serveringsstader på hotell kan servera mat til overnattande gjester.
  • Butikkar, men følgande butikkar kan halda ope:
    • Matbutikkar, inkludert kioskar, helsekost og andre som i hovudsak sel matvarer
    • Stadar som sel dyrefôr og andre nødvendige artiklar for kjæledyr og husdyr
    • Apotek
    • Ein-til-ein-tenester som frisør, hudpleiar med vidare
    • Helsefaglege verksemder som fysioterapeutar, kiropraktorar, fotterapeutar med vidare
    • Optikarar
    • Vinmonopol
    • Bensinstasjonar
    • Salgsverksemd til landbruk og dyreproduksjon
    • Lager- og grossistdelen i byggevareforretningar som sel til handverksverksemd og liknande.
    • Varehus, med unntak av areal med vare- og tenestetilbod som nemnd ovanfor.
  • Treningssenter og symjehall.
  • Trus- og livssynshus, med unntak ved gravferder og bisettingar, og ved samtalar mellom representant for trus- og livssynsamfunn og enkeltpersonar.
  • Bibliotek
  • Museer
  • Kultur- og underholdningsstadar.
  • Andre offentlege stadar og verksemder der det føregår kultur-, underholdnings- eller fritidsaktiviteter som samlar menneske innandørs.

Butikkar og varehus kan halda ope for avhenting av førhåndsbetalte bestilte varer når det er etablert smittevernfagleg forsvarlege løysingar for utlevering av varene.

Forbod mot arrangement

  • Det er ikkje tillatt å gjennomføre arrangement, med unntak av gravferd og bisetting. 
  • Definisjon på arrangement
  • Digitale arrangement med maksimalt fem personar tilstades, i tillegg til utøvarar og anna naudsynt produksjonspersonell, er tillatt.
  • Gravferd og bisetting kan gjennomførast med inntil 30 personar

Påbod om heimekontor

  • Arbeidsgivarar skal sørga for at tilsette jobbar heimanfrå så langt det er praktisk mogeleg. Arbeidsgivarar skal kunna dokumentera at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

Skjenkestopp

  • Serveringsstadar som har skjenkebevilling etter alkohollova kapittel 4 og 5 skal ikkje utøva skjenkebevillinga.

Stans i idretts- og fritidsaktivitetar

  • Det er ikkje tillatt å organisera idrettsaktivitet for vaksne eller barn.
  • Det same  gjeld fritidsaktivitet som organiserte øvelsar, trening og prøvar for kor, korps og teater.
  • Forbodet gjeld ikkje for organiserte idrettsaktivitetar og fritidsaktivitetar for barn og unge under 20 år som gjennomførast utandørs, så lenge dette skjer i grupper på inntil 10 personar og alle deltakarane kjem frå same kommune.

Plikt til å bruka munnbind 

  • Når det ikkje er mogleg å halda minst 2 meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmer, skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareala på kjøpesentre, på serveringsstadar, i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokaler for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar.
  • Plikta til å bruka munnbind gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halda minst 2 meters avstand til besøkande. Dette gjelder ikke tilsette på stader der det er iverksatt andre smitteverntiltak for de ansatte som bruk av visir, skillevegger o.l. i samsvar med folkehelseinstituttet sine anbefalingar.
  • Passasjerar skal bruka munnbind i taxi. Munnbindet skal tas på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje tas av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikta til å bruka munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.
  • Plikta til å bruka munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruka munnbind.

Skuleskyss

Publikumsbygg

  • Rådhuset og NAV, Ølen
  • Teknisk bygg, Sandeid
    • Teknisk bygg på Sandeid vil halde stengt då dei aller fleste tilsette vil sitje på heimekontor. Avtalte møter vert gjennomført etter avtale med sakshandsamar.
  • Sjøperlo/Kultur- og læringssenteret, Ølen
    • Kultur- og læringssenteret er ope for skule, elles stengd.

Påskeferie, fritidsreiser og bruk av hytter, campingplassar og båthamner

  • Den generelle oppmodinga er å ha heimepåske. Drar du på påskeferie, skal regjeringa sine tilrådingar følgast. Dei gjeld også for campingplassar og båthamner.
  • Her finn du regjeringa sine tilrådingar for påska
  • Sjølv om reiser til fritidseigedommar ikkje er å rekna som naudsynt reise, er det til ein viss grad opna for dette.

Generelt

  • Dersom du reiser med dei du bur med eller tilsvarande nære, kan du reisa til eigen fritidseigedom.
  • Dei strengaste av smitteverntiltaka gjeld uavhengig av tiltak i kommunen der fritidseigedommen er.
  • Det blir oppmoda om at alt innkjøp blir gjort i heimkommunen.
  • Det blir rådd i frå å ta imot besøk innandørs eller ha overnattingsbesøk heime eller på  fritidsbustad.
  • Utandørs bør det ikkje vera meir enn 5 personar samla i gruppe. Dette gjeld ikkje personar som lever saman til vanlig.
  • Når ein er saman med andre, skal ein halda ein fysisk avstand på minst 2 meter. Det gjeld ikkje personar i same husstand.
  • Alle skal vera friske på avreisetidspunktet.
  • Dersom du er i karantene, eller ventar på testsvar, skal du ikkje dra på påskeferie, heller ikkje til eigen fritidsbustad.
  • Blir du sjuk, bør du reisa heim. Dersom du blir ringt opp og sett i karantene, bør du reisa heim.

Gjeld særleg for campingplassar

  • Dei generelle reglane over, gjeld også på campingplassane.
  • Faste plassar på campingplassane kan opnast opp for bruk frå 26. mars.
  • Sanitæranlegg, kjøkken og opphaldsrom skal haldast stengt.
  • Besøkande må ha tilgang til eige kjøkken og toalett.
  • Tømmefasilitetar ved campingplassar kan difor haldast ope, så lenge hygienereglar vert følgt opp.

Gjeld særleg for båthamner

  • Dei generelle reglane over, gjeld også i båthamnene.
  • I Vindafjord: Vikedal båthamn kan opna for 20 bubilar i påskeferien, med atterhald om at ein føl alle råda gjeve i nasjonal forskrift.
  • Sanitæranlegg, kjøkken og opphaldsrom skal haldast stengt.
  • Besøkande må ha tilgang til eige kjøkken og toalett.
  • Tømmefasilitetar i båthamna kan difor haldast ope, så lenge hygienereglar vert følgt opp.

Sosial kontakt

  • Alle bør unngå besøk heime og samankomstar i eigen heim.  Det er unntak for:
    • Nødvendige heimetenester og besøk hos personar som er i livets siste fase.
    • Åleinebuande kan ha besøk av eller gå på besøk til ein til to faste vener eller ein fast husstand.
    • Barn, i tillegg til besøk fra eigen barnehage- og barneskulekohort, og unge kan ha besøk av eller gå på besøk til ein til to faste vener.
  • Det bør haldast 2 meter avstand i møte med andre personar. Unntatt er menneske i eigen husstand, og mennesk nevnt i kulepunktet ovenfor.

 Besøk ved omsorgssenter (i Nedre Vats og Ølen)

Føresetnaden for at pårørande kan koma på besøk er:

  • At ein er frisk og ikkje har hatt luftvegssymptom dei siste 5 dagane.
  • At ein ikkje har vore i kontakt med personar som har fått påvist covid-19-smitte siste 10 dagar.
  • At pasient og pårørande klarar å halda smittevernregelen om minst 2 meter avstand.
  • I særskilte tilfelle som er avklart med tilsynslegen, kan personar med luftvegssymptom, eller som er i karantene, koma på besøk.
  • Dette fordrar: Handhygiene, munnbind, tilsett som tek imot må gje instruks i korrekt bruk, og munnbindet skal vera på under heile besøket. Ein må halda minst 2 meter avstand til andre bebuarar og tilsette. Ein skal gå direkte til og frå pasient- eller bebuarrom.
  • Pårørande eller andre som har fått bekrefta smitte av covid-19, eller det er sannsynleg kan vera smitta, kan i høve til til covid-19-forskrifta ikkje koma på besøk.
  • Det vert også oppmoda om at pårørande frå kommunar på Haugalandet som har innført tiltaksnivå 5 må vera ekstra tilbakehaldne med fysisk oppmøte. Alle besøkande skal ringa og informera institusjonen på førehand.
  • Ølen omsorgssenter
  • Vindafjordtunet 

Tenester innan helse og omsorg

  • Dagtilbud til ekstra sårbare personar vert oppretthalde. Andre tilbod vert begrensa i perioden.
  • Heimetenesta er operativ som normalt.

Isolering, karantene og ventekarantene

  • Ved utbrot så er det valgt ein forsterka TISK-strategi, som inneber meir utstrakt testing og karantenesetting, og meir vektlegging av god gjennomføring av karantene og isolering. 
  • Viss dei som er i ventekarantene er vaksinert med første dose for tre veker sidan eller lengre, så er dei fritatt frå ventekarantene. Dette gjeld både helsepersonell og andre vaksinerte i samfunnet. 

Innreisande til Norge