Me treng tilbakemelding frå innbyggjarar om dei ønskjer vaksine og me startar med dei eldste i risikogruppene først. Resten av befolkninga vil få melding seinare i vinter. Alle innbyggar over 65 år som har eit registrert mobilnummer vil få ein SMS der det står:
«Du vil snart få tilbod om koronavaksine i Vindafjord kommune. Vaksinen mot korona er gratis. Den må setjast i 2 omgangar med 3 vekers mellomrom. Ønskjer du denne vaksinen? Svar på denne meldinga med JA eller NEI og namnet ditt.»
I tillegg blir det samtidig sendt ut eit brev med meir informasjon. På denne måten vil me sikra oss om at alle i målgruppa har fått beskjed gjennom fleire kanalar. Me håpar at flest moglege svarar på SMS om dei ønskjer vaksinen eller ikkje, då det kan bli stor pågang på telefonlinja dersom alle prøver å ringa inn. Me håpar at dei som treng hjelp til dette kan få det av pårørande.
I neste omgang vil det bli sendt ut informasjon til personar med underliggande sykdom og risikogrupper.
Om ein takkar nei i første omgang, vil ein få høve til å ombestemma seg på eit seinare tidspunkt.
Mellom klokka 09.00-14.00 kvardagar kan ein også ringa inn på vaksinetelefonen 91 30 38 42 for å gje samtykke.
Om du ikkje har mottatt brev eller SMS, men bur i Vindafjord og er over 65 år, ber me om at du tek kontakt enten på mobil 91 30 38 42 eller sender ein e-post Vaksinekontor@vindafjord.kommune.no