Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

Informasjon om koronatiltak

På denne temasida vil me oppdatere deg fortløpande med ny informasjon kring situasjonen i kommunen vår, som følge av koronapandemien.

Mistanke om smitte?

Kontakt fastlegen din eller legevakta på telefon 116 117 ved mistanke om koronasmitte.
Det er viktig at du ringer på førehand og ikkje bare møter opp.

Det er fleire offentlege nettstadar som har god informasjon til deg som har spørsmål om koronaviruset og kva du kan gjere i ulike situasjonar.

General information about coronavirus in other languages

Klikk for stort bilete Bilde frå FHI  

Korona - Offentlege nettstader

Folkehelseinstituttet (FHI)

På nettsida til Folkehelseinstituttet finn du oppdatert informasjon om koronaviruset. Her finner du nyheiter, oppdaterte tall, informasjon og råd om koronaviruset. Har du spørsmål du ikkje får besvart her kan du ringe informasjonstelefonen på 815 55 015

Gå til Folkehelseinstituttet si nettside

Helsenorge

På nettsida til Helsenorge finn du retningsliner og råd for deg som er smitta, kva du kan gjere for å unngå å bli smitta og informasjon om tiltak som er bestemt for å begrense smittespreiing. Dei vanlegaste spørsmål om koronaviruset er samla og besvart på denne sida. Ring informasjonstelefonen på 815 55 015, dersom du har spørsmål du ikkje finn svar på.

Gå til Helsenorge si nettside

Helsedirektoratet

Temasida til Helsedirektoratet kjem blant anna med råd og informasjonsmateriell for helsepersonell og andre offentlege aktørar. Ring informasjonstelefonen på 815 55 015, dersom du har spørsmål du ikkje finn svar på.

Gå til Helsedirektoratet si nettside

Regjeringa

På Regjeringa si heimeside finn du oversikt over nasjonale tiltak innført av norske myndigheiter for å handtere koronasituasjonen.

Gå til Regjeringa si informasjonsside om nasjonale tiltak