Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

28.04.20 - Informasjon til innbyggjarar og bedrifter med betalingsvanskar på grunn av koronapandemien

28.04.20: Både næringslivet og innbyggjarar i kommunen kan oppleve ein vanskeleg økonomisk situasjon som følge av koronapandemien. Viss du har fått problem med å betale dine forpliktingar bør du ta kontakt med dei du skuldar pengar for å finne ei løysing.

Generelle råd
Leverandørar kan ofte gi deg betalingsutsetting og ein nedbetalingsplan om du er tidleg ute.
Banken din kan og ofte hjelpe deg ved å gi deg avdragsfriheit på lånet eller forlenge lånet si løpetid. 

Kommunale krav / faktura frå Vindafjord kommune
Viss du har betalingsproblem som gjeld faktura frå Vindafjord kommune kan du ta kontakt med Økonomi-avdelinga.
Me vil hjelpe til for å finne ei betalingsordning. Vår kontaktinfo: okonomi@vindafjord.kommune.no eller tlf. 53 65 65 11.

Økonomisk rådgjeving og stønadsordningar
Viss du har betalings- og gjeldsproblem kan NAV gi deg rådgjeving. Les meir her
NAV kan og gi økonomisk hjelp gjennom sosial stønad, bustønadar og startlån/tilskot. Lokal kontaktinfo og meir informasjon finn du her: https://www.vindafjord.kommune.no/sosiale-tenester/okonomisk-hjelp/

Kompensasjonsordning for næringslivet
Føretak kan søkje på den statlege kompensasjonsordninga for næringslivet, meir informasjon og søknadsportal:  https://kompensasjonsordning.no