Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

27.04.20 - Oppstart barnehagar

27.04.20: Erfaringar etter ei veke med utvida smitteverntiltak i barnehagane

Barnehagane har no vore i gang ei veke og har fått litt erfaring med den nye barnehagekvardagen. Det har vore mange rutiner som er endra for å imøtekomme smittevern tiltak.

Døme:

  • Barn og foreldre/føresette må vaske hender før dei drar heimefra og når dei kjem til barnehagen
  • Foreldre / føresette kjem i minst mogeleg grad inn i barnehagane, men barna blir møtt ute og me er i størst mogeleg grad ute
  • Det er faste kohortar (smågrupper) med barn og tilsette som er i lag heile dagen
  • To fast kohortar samarbeidar om praktiske rutiner og barna frå dei to gruppene kan også leike noko ilag
  • Barna får ikkje smørje mat sjølv og leikene er delt på dei ulike kohortane
  • Utvida reinhald

For å ivareta krava til smittevernfagleg forsvarleg drift kjem barnehagane framleis til å ha noko redusert tilbod om opphaldstid og held fram med opphald på inntil 7 timar om dagen. Truleg kjem det fleire barn tilbake til barnehagane frå 27. april når skulane opnar, så det kan vera barnehagar som på sikt vil måtte vurdera å gå enno lenger ned på opphaldstida.

Informasjon frå KS om oppstart av barnehagar

Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet

Barn av foreldre i samfunnskritiske funksjonar og barn med særlege behov skal bli ivareteken utover opphaldstid på 6 – 7 timar, om det er påkrevd.

16.04.202: Måndag 20. april opner barnehagane i Vindafjord, men det vert ein anneleis kvardag enn den me er kjent med.

For å ivareta smittervern og helsefaglege hensyn må me gjera nokre grep og vil difor ikkje kunne starte opp med opphaldstid på meir enn opp mot 7 timar kvar dag for barn som har full plass. Me må sikre nok tilsette gjennom heile dagen for å møte alle på ein forsvarleg, trygg og god måte i tråd med Rettleiiar for smittevern 

Dette betyr at barnehagane fram mot 1. mai vil ha begrensa opningstid på 7,5 timer pr dag. Tidspunkt kan varier mellom barnehagar og avdelingar, då barnehagane vil ha dialog med foreldre/føresette for å ha full oversikt over kven som kjem i barnehagen frå måndag av. Barnehagane er klare til opning for alle, og foreldrebetaling blir lagt inn igjen frå 20.april (14.april for dei som allereie har nytta seg av tilbod om tilsyn).  

Sjå gjerne filmen frå utdanningsdirektoratet saman med barnet som utgangspunkt for ein samtale før oppstart

Barnehagar - Informasjon om koronasituasjonen

Spørsmål?
Har du meir spørsmål som gjeld oppstart barnehage eller tilsyn, ta direkte kontakt med styrar i barnehagen din. Den enkelte barnehage vert lokal tilpassa, med reglar og organisering grunna ulik storleik og utforming på byggja.
Dersom det er overordna spørsmål på kommunenivå, ta kontakt med barnehagerådgjevar Inger Kathrine Sundve.

Kontaktinformasjon finn de her.

Til slutt vil eg ønskja alle lukke til med oppstarten. Barn og foreldre kan vera trygge på at ungane vil bli møtt av trygge og gode vaksne, som vil gjera alt for at dei skal få ein god oppstart. Motiverte tilsette og leiarar gler seg til å få møta barna igjen.

Med helsing

Nils Erik Eide
Kommunalsjef Oppvekst
98 28 68 72