26.11.20 - Kommuneoverlegen si vurdering av smittesituasjonen

Dei siste vekene har kommunen vår hatt ein utfordrande smittesituasjon når det gjeld covid19-viruset. Fleire bedrifter og skular har innstilt eller endra drifta, i tillegg har smitte ved Vindafjordtunet hatt tragiske utfall.

Mykje tyder på at me er i ferd med å få kontroll over smitte situasjonen i kommunen, men me har utfordringar knytta til utbrotet ved Vindafjordtunet. Ingen skal vere i tvil om at ein arbeider hardt for å stoppe smitten der og, men erfaringar frå andre stader viser at det er svært krevjande. Det er og vår erfaring.  Der er innført strenge tiltak både i den avdelinga som er ramma, men og på resten av institusjonen. I dag og dei neste to vekene er det bebuarar, pårørande og tilsette ved Vindafjordtunet som har den mest krevjande kvardagen i kommunen vår.

Regjeringa har forlenga sine smitteråd, og Vindafjord kommune har i dag vedteke å forlenge sine forsterka smitteråd til og med 4.12.2020.

Mitt inntrykk er at vindafjordingar flest har fulgt råda. Dette er sannsynlegvis årsaka til at me relativt raskt har kunna redusere talet smitta så raskt som me har klart. I tillegg ser ein at handelstanden har vore flinke med smittetiltak i sine lokaler. Fleire butikkar oppmodar folk til å handle åleine for å unngå for mange personar inne i lokalet. Dette er eit godt råd.

Barnehagane og skulane har vore flinke med kohortar og smittetiltak elles. Det er ekstra viktig at foreldre er nøye med at borna ikkje blandar kohortar på fritida. Det er like viktig at smitteråda vert fulgt på fritida som i barnehagen og på skulen.

Når me no går inn i ei adventstid som ikkje blir som tidlegare år,  er det likevel håp om at ein skal kunne lette på lokale tiltak. Rådet om å avgrense talet på nærkontaktar tenker eg vil gjelde til over jul.

Viss ikkje smittesituasjonen i kommunen vår forværrar seg vil me oppmode vindafjordingane til å følge nasjonale råd gjennom mesteparten av adventstida, og i jule- og nyttårshøgtida.

Mitt håp er at alle kan feire høgtida med sine næraste.

 

Terje Kleiven
Kommuneoverlege i Vindafjord kommune