Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

23.04.20 - Oppstart av skule for 1. - 4. steg

23.04.20: Frå måndag 27. april opnar skulane for 1.- 4. steg igjen. Utdanningsdirektoratet har saman med Folkehelseinstituttet laga ein smittevernrettleiar som gir råd og støtte til skular.

I tillegg finn de informasjonsskriv til foreldre, oversett til fleire språk.  

Film om kva elevane bør tenkja på når dei kjem tilbake til skulen finn de her. Det er også laga ein film der Udir fortel litt om kva ein må hugse på som vaksne når skulane opnar opp igjen.

Skyss
Vår transportør Kolumbus har tryggja oss på at dei held seg til nasjonale retningslinjer når det gjeld smittevern. I tillegg til det som står i rettleiaren på side 14, informerer Kolumbus om følgjande:

  • Sjåførane har ikkje høve til å rettleia elevane på bussane, her må føresette/skulane informera elevane på førehand korleis dei skal setja seg i bussane.
  • Ein reisande pr. dobbelsete (søsken kan sitja saman).
  • Sjåførane har heller ikkje høve til å hjelpa dei minste med setebeltet.
  • Framdøra på bussane er sperra, kun inngang/utgang bak.
  • Dei to fremste seteradene på bussane er avsperra.
  • Maxitaxi/minibuss som har 16 sitjeplassar, er det mogleg å ta med 10 sitjande passasjerar.
  • Maxitaxi/minibuss med 12 sitjeplassar, 8 sitjande passasjerar.
  • Vanleg taxi (personbil) maks 2 passasjerar, ingen i framsetet.
  • Rullestoltransport i stor taxi, maks 2 rullestolar, dersom 1 meter mellom kvar rullestol. Elles er det maks ein rullestol.

I tillegg til avstandskrava har alle transportørar, buss og taxi sett i verk ekstra reinhald av køyretøya. Sjåførar vaskar over alle kontaktflatar med desinfiserande midlar etter kvar tur.

Tilsyn
Skuleeigar har framleis ansvar for å sørge for eit tilbod til elevar som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver, 1.-7.klasse. Terskelen for å få tilbod ligg høgt av omsyn til smittevern. Difor bør dette tilbodet reduserast så mykje som mogleg. Beredskapslinja i kommunen har fullmakt til å avgrense eller utvide tilbodet. Det er nok at éin føresett arbeidar i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod dersom det ikkje finnes andre muligheiter for barnepass. Arbeidsgivar må på førespurnad kunne bekrefta at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdskritisk oppgåve.

Det skal også leggjast til rette tilsyn for barn og unge med særskilde omsorgsbehov. Her skal det gjerast eigne vurderingar. Det er den enkelte skule som kjenner elevane best, som saman med andre lokale faginstansar kan gjera gode vurderingar.

SFO
I utgangspunktet skal det vera ordinær opningstid. Det er kun høve til å  redusere opningstid ved særlege høve. Informasjon om eventuell endring av opningstid, vil rektor informere vidare om dersom aktuelt. Skulen må lage kohortar og reglar om opphald. Det blir lagt til rette for mykje uteaktivitet. I tillegg til dei som til vanleg har SFO tilbod, kan det vera ein del elevar som har tilsyn. Rettleiar for smittevern gjeld også i SFO.

Nyttige lenker
Udir: Informasjonsskriv til foreldre, oversett til fleire språk
Udir: Skole – informasjon om koronasituasjonen
Udir: Rettleiar om smittevern for barneskulen
Til barn og unge i Vindafjord

Spørsmål?
Har du meir spørsmål som gjeld skulestart eller tilsyn, ta direkte kontakt med rektor på skulen din. Den enkelte skule vert lokal tilpassa, med reglar og organisering grunna ulik storleik og utforming på byggja.

Dersom det er overordna spørsmål på kommunenivå, ta kontakt med skulerådgjevar Leiv Karsten Medhaug.

Kontaktinformasjon til rektorane og skuleeigar finn de her.

Til slutt vil eg ønskja alle lukke til med oppstarten. Elevar og foreldre kan vera trygge på at elevane vil bli møtt av trygge og gode vaksne, som vil gjera alt for at elevane skal få ein god oppstart. Motiverte tilsette og leiarar gler seg til å få møta elevane igjen.

 

Med helsing

Nils Erik Eide
Kommunalsjef Oppvekst
98 28 68 72