Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

23.04.20 - Oppdatering frå helse og omsorg

Kommunen er i ein situasjon kor personalressursar, særleg innan helse må disponerast på ein mest mogeleg fornuftig måte. Me har dessverre fleire av våre tilsette i karantene med bakgrunn i strenge kriterier for helsepersonell mht luftvegssymptom. Dette betyr at innbyggjarane våre vil få endra tenester framover. Kommunen håpar at pårørande  kan ha ekstra omsorg for sine kjære i denne situasjonen me nå står i. Dei som ein definerer til å ha behov for helsetenester vil få det, men kun til det viktigaste. Håpar på forståing for prioriteringane som blir gjort.

Tenestekontoret

Sjå link for informasjon (PDF, 511 kB)
 

Kreftkoordinator

Kreftkoordinatorane i Vindafjord er dagleg tilgjengelege på telefon.
Grete tlf. 488 91 211 og Unni tlf. 974 02 646

Ta gjerne kontakt.

Inntil vidare er det ikkje tilbod om heimebesøk unntatt i heilt spesielle tilfeller der heimebesøk er påkreva.
 

Legetenesta

Ølen og Vikedal legekontor, samt Vindafjord legesenter har stengt dør til resepsjon, og du vil bli henta av helsepersonell utanfor for time.

  • Fleire av våre fastlegar må nå prioritera andre oppgåver, mellom anna opp mot smittevern. Derfor vil ein i ein periode få legehjelp frå andre enn sin fastlege. Det vil òg vera prioriteringar av kva type helsehjelp som vil bli gitt.
  • Etne og Vindafjord har avtale om at alle innbyggjarar i kommunen med luftvegssymptom, som treng legebehandling, vil få helsehjelp i Ølen på dagtid. Ring ditt fastlegekontor for avtale
  • Har du behov for akutt legehjelp ring 113. Legevakt 116 117
  • Treng du testast for Korona, har me satt opp eige telt for dette formålet. Ta kontakt med fastlege for vurdering av testing. Dei følger kriterier for testing frå https://www.fhi.no/

 

Helsestasjon

Frå uke 18 vil helsestasjonen vera i drift ut frå gjeldande retningslinjer for smittehåndtering.

Alle konsultasjonar er etter avtale med jordmor og helsesjukepleiar. Me tilbyr ikkje open helsestasjon akkurat nå.

Me ber om at ein ikkje tek med sysken til helsestasjonen. Rådhuset er stengt for besøkande. Folk som har timeavtale hos helsesjukepleiar ventar i bilen utanfor rådhuset og vil bli oppringt når dei kan kome inn.

Alle som møter på helsestasjonen/familieteam skal vera symptomfrie.

Me er tilgjengelige for råd og veiledning.

Tlf helsestasjon 53 65 55 60

 

Jordmor

Nødvendig svangerskapsomsorg vil bli ivaretatt. 

Jordmor tlf 53 65 56 18/902 64 905

 

Skulehelsetenesta grunnskule


Ølen/Ølensvåg/Bjoa
Kontaktperson: Malene Vestbø tlf. 907 22 059

Skjold/ Vik skule
Kontaktperson: Bjørg Stokland tlf. 976 74 839

Vats skule
Kontaktperson: Hilde Bjerkreim tlf. 99 57 09 69 

Sandeid/Vikedal/Imsland
Kontaktperson: Snefrid Trondsen tlf.488 90 928

Helsesjukepleiar er tilgjengelig på telefon, teams for chat og videosamtale.
 

Skulehelsetenesta vidaregåande skule


Ølen Vidaregåande
Kontaktperson: Helsesjukepleiar Hilde Sundal Bjerkreim. Tlf. 995 70 969

Lundeneset Vidaregåande
Kontaktperson: Konst.Helsesjukepleiar Malene Vestbø tlf. 907 22 059

Helsesjukepleiar er tilgjengeleg på telefon, teams for chat og videosamtale.


Helsestasjon for ungdom

Open kvar tysdag frå kl.14:30-17:00 med helsesjukepleiar og lege tilstades. Time må avtalast på forhand.

Kontaktperson for bestilling av time til helsesjukepleiar Hilde Bjerkreim tlf 53 65 55 60/995 70 969
 

Familieteam

Handterer saker som før ut frå gjeldande retningslinjer for smittehåndtering.

Kontaktperson Marita Villumsen, tlf. 979 69 419
 

Vaksinekontor

Vaksinekontoret er no ope for timebestilling.
Telefon: 995 70 968
E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no
Stad: Vindafjord helsestasjon, Ølen
Tid: Tysdag kl.08.30-16.30 og onsdag og torsdag kl.08.30-15.00

Fysioterapi

Dei private institutta i Ølen og Skjold opnar no gradvis for pasientar, men ikkje i så stor grad som før. Det vil vere særlege smittevernhensyn å ta, som de vil bli informerte om når de er i kontakt med institutta. Ta kontakt på telefon dersom det er noko de treng hjelp med, ikkje møt opp utan avtale.

Det kommunale fysioterapitilbodet er fortsatt svært innskrenka på grunn av smittevern, og prioriteringar utover dette. Dei gir tilbod til dei som har behov for heilt naudsynt helsehjelp. Dette gjeld pasientar med behov for heilt naudsynt rehabilitering og behandling etter akutt alvorleg sjukdom, eller naudsynt behandling for å oppretthalde viktig funksjon som ellers kan gå tapt. Ta uansett kontakt på telefon om de har spørsmål, treng råd og veiledning eller har tenkt å søke om hjelpemiddel.

Gruppetreningar og kvardagsrehabilitering er utsett til hausten.

Ergoterapeuten tek igjen oppdrag relatert til hjelpemiddel, så lenge det er forsvarleg i forhold til vår standard for smittevern. Ho kan uansett kontaktas på telefon for råd og veiledning.

Kontaktinformasjon finn de på kommunen si heimeside.