Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

16.04.20 - Hytteforbodet vert oppheva 20. april

16.04.20: Vindafjord kommune held seg til nasjonale retningslinjer og det vil seie at hytteforbodet vert oppheva fra 20.04.20

For dei som skal på hytta er anbefalinga:

  • Det bør ikkje vera meir enn 5 personar samla i gruppe. Dette gjeld ikkje personar som lev saman til vanlig.
  • Når ein er saman med andre bør ein halde ein fysisk avstand på minst 2 meter. Det gjeld ikkje personar i same husstand.
  • Ved akutte luftvegsplagar så ber kommunane om at ein reiser tilbake til heimkommunen.

------------

31.03.20: Regjeringa har innført hytteforbod mot å overnatte på fritidseigedomar utanfor eigen kommune. Det vil ikkje bli gitt nokon dispensasjon for opphald i hytter/ fritidseigedomer i Vindafjord Kommune. Det vert ikkje gjort vurderingar av einskild tilfelle. Forskrifta opnar opp for å ta dagstur, men Vindafjord kommune oppfordrar til at dette kun vert gjort dersom ein må utføra strengt nødvendig vedlikehald eller tilsyn for å avverge store materielle skadar. Me oppfordrar folk til å engasjere lokalt busatte personer til å utføre slikt arbeid og tilsyn.   

Kommuneoverlege og rådmann i Vindafjord rår sterkt i frå å reise på fritidsreiser, dersom ikkje strengt naudsynt. Ein ynskjer at folk i størst mogeleg grad held seg på si folkeregistrerte adresse. Me må alle ta ansvar i denne situasjonen me no står i og me håpar at flest mogleg tek oppfordringa!

Unntak for personar som bur saman med smitta 

Det er unntak for personar som er i karantene fordi dei deler husstand men ein som er bekrefta smitta av koronaviruset . Bakgrunnen for dette unntaket er at det er betydeleg risiko for at ein koronasmitta kan smitte andre i same husstand. Personar som er i karantene fordi dei deler husstand med ein som er bekrefta smitta, kan overnatte på hytta i den perioden den smitta er i isolasjon heime. Den smitta skal bli hjemme, medan dei andre personene i husstanden kan overnatte på hytta.

Kommunane har ikkje dispensasjonsadgang

Kommunane har ikkje adgang til å gi dispensasjon. Hytteigarar bør difor ikkje ta kontakt med kommunen for å kreve unntak. Strengt nødvendig vedlikehald eller tilsyn for å avverge store materielle skadar tillates. Men me oppfordrar folk til å engasjere lokalt busatte personer til å utføre slikt arbeid og tilsyn.   

Sanksjonar

Det er politiet som eventuelt må sanksjonere brot på denne «hytteforskriften», kommunane har ikkje mynde til å følgje opp dette. Melding om konkrete personar ein mistenker bryt denne forskrifta i Vindafjord Kommune må difor meldast til Etne og Vindafjord Lensmannskontor.