Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

16.04.20 - Betaling for SFO/barnehage

16.04.2020: Betaling for SFO og barnehage under korona-situasjonen

Kommunen vil ikkje ta betalt for SFO og barnehage for den perioden tenestane ikkje blir levert på grunn av korona-virus.

Ordinær betaling frå og med 14. april for dei som får tilbod

Regjeringa har vedteke at foreldre som tek imot eit tilbod i barnehage eller SFO skal betale for dette frå og med 14. april. Endringa er tatt inn i midlertidige forskrifter fastsett ved kongeleg resolusjon. Foreldre med barn som allereie er i barnehagen eller SFO, skal betale på ordinær måte frå og med 14. april. Forskrifta slår vidare fast at det skal krevjast ordinær betaling uavhengig av tal timer per dag. Det er ingen betalingsunnatak for familiar med barn som er definert som sårbare og barn av foreldre med samfunnskritiske funksjoner.

Føresette til barn som mottar tilbod i barnehage eller SFO, men vel å ikkje nytte det, må likevel betale for tilbodet. Føresegna gjeld også for tida etter 20. april når barnehagar og SFO gradvis opnast igjen. Det betyr at når barnehagane og SFO gradvis opnar igjen, blir det foreldrebetaling som vanleg. Foreldre skal betale frå og med den dagen dei igjen får tilbod om plass.

Moderasjonsordningane for familiar med låg inntekt gjeld. Dei som har fått ein endra inntektssituasjon kan søke om redusert foreldrebetaling. Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar gir rom for å søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid ved varig nedgang i inntekt. Du finn søknadsskjemaet her.

Faktura for mars og april

Faktura for barnehage og SFO vert sendt ut på etterskot. I slutten av mars blei det sendt ut faktura for barnehage og SFO for mars (termin 3) med forfall 30. april. For begge tenestane er det tatt omsyn til at tenestetilbodet ikkje blei levert med verknad frå og med 13. mars. På fakturaene for mars kjem det fram på to ulike måtar for barnehage og SFO:

  • For barnehage er det berre lagt inn fakturalinjer (opphald + mat) med beløp for perioden 1. til 12. mars. 
  • For SFO er det lagt inn grunnlag for vanleg månad, så er det lagt inn trekk for perioden 13. til 31. mars. Merk at viss ein har søskenmoderasjon vil det også ligge ei linje som ligg i pluss då grunnlaget for moderasjonen er redusert.

Faktura for april (termin 4) for barnehage blir sendt ut i slutten av april, og vil ta omsyn til stengt/redusert tilbod på same måte som faktura for mars. Faktura for dei fire dagane med SFO i april vil bli lagt til faktura for mai (termin 5).

Me ber om at eventuelle konkrete spørsmål om faktura blir retta til den barnehagen eller skulen ein har tilbodet i.