Til barn og unge i Vindafjord!

Lyst på ein prat? Helsesjukepleiar er her for deg! Les meir

15.05.20 - Oppdatering publikumsbygg

15.05.20: Våre publikumsbygg (Rådhuset, Teknisk bygg i Sandeid og kultur og læringssenteret på Sjøperlo) har vore stengt frå 16 mars. Frå 27. april og i første omgang ut mai vil hovudinngangane framleis vera låste, men det er mogleg å gjere avtale om fysiske møte og konsultasjonar ved desse bygga.

Ved oppmøte på avtalt tidspunkt vil alle bli henta inn i samsvar med våre smittevernsprosedyrar: 

  • Alle som kjem må ha avtale på førehand og vert oppfordra til å vente i privatbil. Besøkande vert oppringt og klarert for symptomer på Covid -19 før dei vert henta inn av den som har arrangert avtalen. 
  • Kontrollspørsmål:
    • Har den besøkande, pårørande eller hustandsmedlemmer hatt symptom på luftveisinfeksjon? (feber, hoste, tungpust)
    • Vore i utlandet siste 14 dagar?
  • Alle vert oppfordra til å desinfisere hendene ved inngongen når ein kjem og når ein forlet bygget.